Hytte i Ryfylke

Kart over Ryfylke

Det er ikkje alle som veit kor Hebnes er i verda. Forstå det, den som kan! Når me skal forklara folk kor hyttefeltet vårt er, så må me sirkla det inn. – Hebnes, det ligg i Suldal kommune, forklarar me. – Jelsa, det har du kanskje høyrd om? spør me. – Eller Sauda?

Mange har det. Dei har vore på båtferie innover fjordane då dei var små. Eller dei har vore på bryggedans. På Fister, for eksempel. Eller Sjernarøy – er det langt derfrå?

– Hebnes, det ligg i Suldal – og i Ryfylke, seier me også ofte. Det er ikkje alltid så lett å plotta Jelsa og Hebnes inn på det mentale kartet til folk som ikkje har vore her før. Men Ryfylke, det nikkar mange gjenkjennande til. Jo da, Ryfylke veit folk kva er, om dei ikkje ser kommunegrensene heilt klart for seg.

Kva er Ryfylke? Ryfylke er kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand, Forsand og Finnøy. Det er i alle fall desse seks som driv det interkommunale samarbeidet i Ryfylke IKS. Ryfylkealliansen er ei samanslutning av næringsdrivande i desse kommunane som har sett seg føre å gjera Ryfylke betre kjend som ein region å leva og arbeida i. Så finst det også ulike Ryfylke-organisasjonar som femnar om fleire/andre kommunar enn desse seks.

Ryfylke er vel så mykje ei kjensle av tilhøyrigheit som det er ei geografisk avgrensing. Me høyrer til i Ryfylke, me som bur her. Folk som reiser til Suldal eller Hjelmeland, dei reiser til Ryfylke. – Eg har hytte i Ryfylke, seier somme, like gjerne som dei seier at dei har hytte i Sauda eller Suldal.

Ryfylke er høgheia og den djupe fjorden. Fjell og vatn, jakt og fiske, kreative breibandsløysingar, kraftkommunar, bynære strøk, denne forunderlige riksveg 13, den grenselause naturen, fergene og nærbutikkane. Ryfylke er sau.

Me som bur på garden Bakkjen på Hebnes lever av gris, sau og potet, og av å selja hytter til andre som også vil komma til Ryfylke. Me lever heilt godt med det!