Saft av hylleblomst

Hylleblomstsaft
Saft av hylleblomst er lite haldbar. Ha den i plastflasker og legg den i frysaren!
Heldige oss som har naboar med hylleblomst i massevis rundt husveggene. Me har vore på lovleg slang, og laga verdas enklaste saft å laga: Hylleblomstsaft.

Me brukte:
40 gode klaser blomar
2-3 sitronar
2 kg sukker
25 g sitronsyre
2 liter vatn

Me kokte vatnet og rørte ut sukker og sitronsyre i det varme vatnet. I ei bøtte la me blomane og sitronene (som var vaska godt og skåre i skiver) og slo vatnet over. Dette stod under lokk, på kjøla, i tre dagar, før me silte av safta og hadde den i plastflasker. Safta me ikkje skulle ha med ein gong la me i frysaren. I kjøleskapet stod den seg berre nokre dagar.

Det blir ei kraftig smak av safta, og somme blanda den ut med meir vatn. Me har og prøvd den saman med sprudlande kvitvin, og det blei ein superfrisk og god velkomstdrink!