Ny hytte på gang!

Hytte H21 på Hebnes

Alltid spennande å setja i gang med nye hytter. Viss hytta allereie er seld, er det sjølvsagt kjøpar som bestemmer det som kan variera frå hytte til hytte: takvindu, antal kjøkkenvindu, farge på hytta, farge på vegger, kva slags kjøkken det skal vera og nokre fleire ting. Viss me startar å byggje sjølve, er det me som bestemmer. Me legg alltid inn takvindu. Det vil dei fleste ha, og dei som ikkje har hatt det frå starten har lagt det inn etterpå. Somme har to takvindu. Desse vindua slepp inn mykje lys på soverommet på hemsen, og eg tenkjer alltid at det må vera så hyggelig å liggja på hemsen og sjå på stjernehimmelen om natta. Eller høyra på regnet.

(Meir under bileta)

Me pleier også ha ta to kjøkkenglugger, i staden for ein, som er standard. Igjen: me har erfaring med at dei fleste vil ha meir vindu, ikkje mindre. Me legg alltid opp til oppvaskmaskin, vaskemaskin og Altibox. Moglegheitene skal vera der! Sjølv om våre hytter er små og enkle, så meiner me det er god standard. Størrelsen på hytta borgar for at du ikkje treng bruka heile helga på vedlikehald, men det er samstundes god plass til det du vil ha plass til (familien din, feks.).

Fargen på hytta får me også bestemma. Me har eit fargekart som spenner frå skifergrå (lys) via berg (brunaktig) til sot (nesten svart). Åtte fargar er det å velja mellom til hyttene, og me prøver å tenka at det skal vera litt variasjon – når me bestemmer.

Denne du ser bilete av her heiter hytte H21. Den ligg i byggjetrinn 2. Der er det allereie bygd ei hytte, og det er plass til seks hytter til.