Hummarfiske og annan fangst

Her på Hebnes er det rikeleg med mulegheiter for å fiska: På stang, med garn eller med ruser. Nå er hummarfisket i gang. Det starta 1. oktober, og det varar ut november. Då kan me setja inntil 10 ruser per husstand, og me kan ta opp og behalda dei som er over 25 cm (men ikkje huer med rogn). Hummaren er freda resten av året.

Har du hytte ved sjøen kan du fiska etter all slags fisk heile året. Her på Hebnes er det mykje sei og lyr å få, leikeeins kan det vera mykje makrell i sesongen, og du kan få torsk og sil. Laks tar dei helst inne i Suldalslågen, og då må du ha fiskekort. Fiskeglade folk med hytte ved sjøen her set og garn og får ein del krabbe på det. Somme ror også ut og grabbar med seg blåskjell om sommaren.

Det er i det heile tatt mykje godt å hala, både for den som likar å fiska og den som likar å tilberede og eta mykje god sjømat!

Takknemlig motiv

Snakka om å by på seg sjølv. Somme dagar byd hav og himmel på seg sjølv på ein slik måte at ein berre kan takka og bukka for at ein var så heldig å ha eit kamera med. Så kan ein nyta og knipsa og nyta igjen. Fint vel?

Sein sommar i Ryfylke

Me har vore velsigna med ein fantastisk haust, etter ein heller begredelig sommar. Me har forsyne meg gått i kortbukse heilt fram til haustferien. 13 grader er god temperatur i oktober. Og så vart det altså slik at markjordbæra me nesten gjekk glipp av i sommar, fordi det var for vått og utriveleg å gå tur på vegen frå Hebnes, den fekk me eit nytt møte med nå i haustferien. Tenk det! Ikkje i så rikt mon som det pleier, men ei handfull og to vart det.

Markjordbær og markblomar, det er det rikeleg av her på Ropeidhalvøya. Ramsløk veks vilt somme stader. Kristtorn er det flust av på gardane rundt juletider. I sommar fann ei av dei som har hytte i fjordhagen mjødurt som ho laga saft av. Den smaka litt som hylleblomstsaft, berre ikkje så sterkt (heldigvis), og den skal visst gjera godt for mykje. Hylleblomst veks det og ein del av her, forresten.