Saueklipping i Bakken

Sau på Hebnes

Sauene har fått ein høgst tiltrengt runde med klipparen. I helga klipte me 54 sauer. Me klipper sauene to gonger i året, og det er alltid greitt å få det gjort i god tid før lamminga. Desse me klipte i helga skal byrja lamma i starten av april.

Nyklipte sauer
Nyklipte og fine sauer: 28. februar 2016.

Me var tre mann i arbeid og det tok litt over to timar å få klipt dei. Ein fangar sauen, ein klippar og ein stappar ulla i sekk. Ingen tvil om at klipparen har den tyngste jobben, og han gjer dette på adskillig større besetningar enn vår – og i dagevis.

Saueklipping
Me har sau av rasen Norsk kvit sau (NKS).

Dei to verane me klipte hadde ikkje blitt klipt på ei stund, men damene blei klipte også i haust. Me klipper dei to gonger årleg av fleire grunnar:
Det er lettare for lamma å drikka når jura og magen til mora er fri for pels
Det er reinsligare, spesielt når dei går inne mykje av vinteren.

saueklipparen
Saueklipping er ikkje for pingler. (Blurrete bilete: Ikkje så lett å halda på sau og mobil.)

Sauene ser naturleg nok litt snaue og kalde ut med ein gong dei er klipte, samtidig ser dei også veldig reine og fine ut. Så pass kaldt som det er nå så skal dei stå inne mykje av tida fram mot lamming, i alle fall om nettene. Og pelsen veks ut at til dei skal ut på beite til sommaren.

Sauehuset
Sauehuset vårt ligg for seg sjølv, unna hyttene og garden.

Jordskokk: til å eta og så

Jordskokk til tørking.

Me har kjøpt og tilberedt jordskokk fleire gonger, nå skal me også prøve å dyrka han sjølv. I helga var me så heldige å få ein del av avlinga til ei av dei som har hytte hjå oss i fjordhagen.

Jordskokk frå Ryfylke fjordhage
Jordskokken kan vera ganske knudrete og ikkje så enkel å skrella. Det treng ein ikkje alltid heller, det kjem an på kva du skal bruka han til.

Jordskokk = kul knoll

Denne knollen av ein grønnsak er god å steika, koka eller laga suppe på. Ho me fekk dei av har hatt dei ståande i åkeren til nå, men nå er dei altså hausta inn og sett i papirposar på ein kald plass. Me fekk ein god pose, og tenker å gjera som ho tipsa oss om: halda av nokre knollar og bruka dei til å setja.

I fjor var første gongen nokon hadde jordskokk i åkeren hjå oss, og det som var ekstra kjekt med det var å sjå på dei høge, flotte blomane det blir av dette lauvet. Ein liten bonus, rett og slett!

Sist helg var det så frose i jorda at det ikkje var råd å ta opp noko som helst (ja, jordskokken kan stå i åkeren i frosten). Nå er det bløtt i jorda og det ser ganske vårleg ut. Men det er ennå tidleg å begynna å setja ut settepoteter og å så på friland. Det er derimot ikkje for tidleg å byrja planlegga, og det me har planar om å så/setja i år er:

  • potet
  • gulrot
  • pastinakk
  • graskar
  • jordskokk
  • raudkål
  • mais
  • rødbete/polkabete
  • sellerirot

I tillegg vonar me at andre her på garden som før har planta, også i år vil pryda åkeren med lauk, purre, rosenkål, blomkål og brokkoli, slik at me kan få følgja voksteren deira og. Så får me håpa det blir ein lang og fin vår når me kjem så langt!

Her kan du lesa meir , og her finn du ei skikkelig god oppskrift på suppe.

 

Utsikt på Hebnes

15. februar 2016
Måndagsbilete frå Hebnes, tatt i løpet av formiddagen på måndagar. Start: 1. februar 2016.

Klikk og bla![us_gallery ids=”2649,2650,2651,2777,2778,2779,2893,2892,2890,2889,2888,2887,2886,2885″ columns=”3″]

Hytte i Suldal – når me bur i Suldal?

Hytte i Suldal

På Hebnes har me hyttenaboar som reiser frå Sauda etter jobb, kjem ut på hytta, sett seg til på verandaen for å nyta utsikta og roen, og så reiser tilbake på jobb att neste morgon. Herlig! Og det går an når du berre har 50 minutt å kjøra til hytta di.

Hytte i Suldal – kvifor det?

Når me spør, får me ofte same svara:

– Me vil ha hytte i nærleiken av aktivitetar, som skiløyper, turterreng, jaktterreng og båthavn.

– Me vil ha kort veg til hytta slik at me kan bruka den ofte.

– Me vil ha moglegheit til å vera på hytta også når ein av oss må på jobb.

I Suldal og i Sauda er det mange som har hytte i Suldal eller i nabokommunane. På Ropeidhalvøya, Foldøy og i Imsland finn du mange saudabuar med eigne eller leigde hytter. På Gullingen og i Suldalsheiene elles finn du mange hytter som blir brukt av suldøler som ikkje vil reisa i timevis for å komma seg til hytta si.

Nå nærmar det seg vinterferien. Har du planar om å tilbringa den i Suldal, anten du bur her og/eller har hytte her? Her kan du følgja med på vêret, her er kulturtilbodet og her er skiløypene.