Gladmat 2016

Bonden har teke ein dag fri og me har vore i Stavanger på Gladmat 2016. Denne festivalen har eksistert i heile 18 år, ettersom me høyrer. Og her er det noko av det me likar best som står på programmet: Mat, mat, mat. Det kan me lika!

Kva tok me med oss frå Gladmaten denne gongen?

  • Den nye sonen med “mat frå verda” likte me særs godt. Mykje fordi gode Elin i Blomenhage hadde vore med og laga området slik at det vart inspirerande og rett og slett GODT å opphalda seg i. Bilete i botnen av saken!
  • I “mat frå verda” fekk me skikkeleg god indisk, men me fekk dessverre ikkje med oss kva restauranten heitte. Steike godt var det, uansett!
  • Det er hyggeleg med fest og basar, men når festen var veldig godt i gang allereie klokka ni onsdagskvelden, så vart det litt usjarmerande. Muleg ein hadde sett meir pris på det viss ein sjølv hadde høg promille, men to gale gir som kjend ikkje alltid ein rett.
  • Det er innmari greitt at det er eit godt utval av småretter til ca 30 kroner. Då får ein prøvd litt mykje.
  • Belgiske vaflar er godt, men vaflane var i det største laget. Det blir nesten eit heilt måltid.
  • Utvidinga av festivalområdet til å omfatta fargegata OG gata frå Harry Pepper og ned til Victoria hadde me sansen for. Det var skikkeleg livleg, også her, men ikkje på nokon måte så støyande som rundt utestadane rundt fisketorget.
  • Den kvelden me valde å gå på ein restaurant utanfor området vart me kjende med ein fantastisk indisk restaurant som ein i følgjet hadde erfaring frå. Den heiter Mogul India Restaurant, og den ligg i andre etasje over Piren Pub. Utruleg god mat servert av gode kelnerar som var godt orienterte om tilbodet sitt og dessutan genuint opptekne av at me skulle få ei god matoppleving. Det kan me verkeleg lika.

Gladmaten 2016

IMG_3899

IMG_3908

Pokémon – nå har dei fått dilla på Hebnes

Pokémon Pidgey

Plutseleg er dei ute og går. Når me er ute og luftar hunden seint på kvelden, så treff me på ei: Fire-fem ungdommar i lag, med mobilen framføre seg, som eit lita lysande kompass i sommarmørkret. Dei er på Pokémon-jakt, må vita!

Pokémon-dilla, igjen …

Mange av dei hugsar me frå 10-12 år tilbake, då Pokémon var nytt og spennande, og dei sat der med gameboyane sine og spelte og delte. Me har fleire spor etter den tida i heimen, slik mange med ungar på alder med våre har: Pokémon-handkle, Pikachu karnevalsdrakt, Ash Ketchum-kopp, samlekorta som dukkar opp innimellom … Og nå er dei altså i gang igjen. Dei går og går, til Tveita og Askvik, kor enn det må vera ein Pikachu eller Charmander å finna.

Når me kjører til butikken nå for tida, får me beskjed: Du må stoppa ved bedehuset.

Der er det visst noko å hala. Og me stoppar. Ved bedehuset kan ein kjøra inntil. Det er ikkje mykje trafikk her på halvøya, det er relativt trygt å driva jakt til fots og i bil (når ein berre køyrer inntil og stoppar, då). Så får dei lagra seg opp med egg som skal klekkast og gudane veit kva.

Me vaksne har ikkje begynt å spela Pokémon GO. Ennå. Men kanskje me burde. Det ser i alle fall ut til at motivasjonen til å komma seg ut dørene og ut i regnet er langt høgare hjå den spelande delen av gardsfolket, enn hjå oss andre.

 

Dyrkar sjølv!

Me sådde og planta ut ein heil del i åkeren i vår, og nå byrjar me sjå resultat. Som feks at raudkålen ikkje kjem opp … Det var jo synd, men frøa hamna i feil rad til å begynna med, og så har det nok skore seg i flyttinga. Men elles ser det ikkje verst ut. Maisen veks, det same gjer gulrøtene og pastinakken. Jordskokken som me fekk av hyttenabo Kristine veks, men ikkje så mykje som hennar. Me er spente på korleis den blir til slutt. Graskara kjem med store, fine blomar. Den er me ikkje så spente på, for den har vist seg før å vera særdeles viljug. Sukkerertene ser heller ikkje så verst ut. Tomatane som me sette inne, men som nå er komne ut, dei ser begredelige ut. MEN – det er kome ei grøn, fin tomat i den eine planten, så kanskje er det ikkje så avgjerande om planta er fin? Den som lever får sjå – og forhåpentlegvis smaka.

Salat
Salat vart det rikeleg av. Men den må me berre eta nå, før den sprenger.
Gulrotgras.
Gulrotgraset viser veg. Men ennå er det lenge til gulrøtene er store nok til å haustast.
Maisplanter
Mais er spennande greier. Me har fått det til ein gong før. Håper det blir bra i år også!
Snart blir det graskar her!
Snart blir det graskar her!