Ferie og fri – kva skal vi gjera?

Ferie på hytta

Sommarferie, haustferie, vinterferie – ja til og med juleferien – det er alltid noko å finna på her på Hebnes. Innom for helga? Kosa deg og slappa av, eller fiksa opp litt ute? Les vidare om tibodet som finst på Hebnes og i Suldal:

gulrot Ryfylke fjordhage Med hytte i Ryfylke fjordhage kan du leiga plass i åkeren og dyrka dine eigne grønsaker.

Dyrke:

Drøymer du om dei eiga hytte ved sjøen – i landlige omgivelsar? Der du kan setja spaden i molda og dyrka dine eigne grønsaker? Fleire av dei som har hytte i Ryfylke fjordhage dyrker i åkeren vår: gulrot, lauk, persille, jordskokk, sukkererter og rosenkål. Du kan også leiga deg ein liten teig, eller du kan få kjørt på mold og ha kjøkkenhagen rett rundt hytteveggene. Finfin ferie, det?

Bade:

100 meter frå hyttene er det sjans til å bade og hoppe og stupe i veg. Deilig saltvatn, brygge å hoppe frå, grunn strand for dei minste er ypparleg for deilige sommardagar ved sjøen. Dei som ikkje vil bade, kan ligge på den store brygga og sole seg – eller kanskje fyre opp grillen som er tilgjengeleg for alle i fjordhagen. På neset kor Ryfylke fjordhage ligg har du sola med deg frå ho står opp om morgonen til ho legg seg for kvelden. Her er ikkje mygg, så det er fint å sitje ute heile sommaren.

ferie brygge Ryfylke fjordhage
Godt lagt til rette for aktiv ferie ved sjøen.

Fiske:

Med hytte ved sjøen på Hebnes er det gode mulegheiter for fiske. Her kan du få torsk, sei, lyr og sild. Eller kva med sjølvfanga krabbe og iskald kvitvin til kvelds? Har du ikkje båt sjølv, kan du leige av oss.

Tur:

Flotte turområde ligg til rette for deg som likar å røre deg og å vere ute i naturen. Området rundt fjordhagen eignar seg godt til turar for store og små som vil spasere eller klyve i tre og hoppe frå stein til stein. Ønskjer du større utfordringar, kan vi anbefale ein tur til Grytenuten. Det er høgaste punkt på plassen, og turen tar mellom 5 og sju timar. Sjå kart over den og andre turar på halvøya her. Stranddalen i Suldal er og ein fantastisk tur, spesielt på seinsommaren og hausten. Kjem du til turisthytta i Stranddalen ein torsdag, kan du spise deira kjempegode komler!

Ski:

For dei som likar alpint er Sauda skisenter berre 50 minutt unna med bil. Sauda skisenter har blitt ein svært populær utfartsplass, og dei har knallgode nettsider kor du kan sjekke vêr, føre og temperatur. Er du meir glad i bortoverski har vi Gullingen, eit fjellområde med flotte oppkjørte løyper heile vinteren.

Handel:

8 km frå fjordhagen er det daglegvarebutikk. Her er plass å leggje til med båt. Om sommaren er her gatekjøkken og lange opningstider. Det er og mange andre plassar å handle både klede, sportsutstyr, møblar og liknande.

Hytter ved sjøen Ryfylke fjordhage
Brygga i forgrunnen, med sjøbodene til høgre. Oppe på kammen ligg fire av hyttene i Ryfylke fjordhage. Det er sti frå hyttene ned til sjøen.

Næringslivet på Ropeidhalvøya:

Sterling White Halibut – kveiteoppdrett

Alsaker Fjordbruk – lakseoppdrett

Taga design – søm og strikk

Hebnes fjordferie – hytter

Sagplassen brug – sagbruk og snikkerverkstad

Vatlandsvåg handel – matvarer, drivstoff

Hebnes Tre – trelast og byggevarer

Holmen maskin – entreprenør

I Suldal kommune:

Trestubben – møblar

Sidsels Tapetserverkstad – møblar

Sand møbelsenter – møblar

Monter – bygg

Klungtveit – varme og bad

Filter – design og kommunikasjon

Opplev Suldal – Jakt, fiske og oppleving

Suldalsposten – lokalavis

Sand Sport – Jakt, fiske og oppleving

Hebnes fjordferie – hytter til leige

Energihotellet – overnatting

Lakseslottet – overnatting

Mo Laksegård – overnatting

Ryfylke fjordhotell – overnatting

Fjellmat frå Suldal – mat