Båtplass i Ryfylke fjordhage:

  • 3-5 meter
  • Vatn og straum
  • Parkering for bil

Vi har båtplassar til hyttene, men det er og muleg for andre å leige.

Skal me senda deg eit prospekt?

Skriv inn epostadressa di her og trykk SEND!


Vi har også sjøboder til leige. Ein bod er eit rom på 3m2. Boden kan låsast, og det er lys i taket i kvar bod.

Ryfylke fjordhage er eit hyttefelt på Hebnes i Suldal. Her har me 26 små og lettstelte hytter til sals. Feltet strekkjer seg på begge sider av Vardnesvegen, og det er eit område nede ved sjøen som er å rekna som eit fellesområde. Her er brygga med båtplass, her er to store grillar (ein med lokk), og det er rikeleg med benker slik at fleire kan nytta området på ein gong.

Me har fått fylt på fin sand i badestranda, så her er det ideelt for ungar å bada og vassa. Dei vaksne badar helst frå bryggja, det går også an! På bryggja har me fått laga ein sløyebenk der du kan stå og gjera opp fisken du har fått. Den er til for deg, anten du har hytte eller båtplass!

Lurer du på å kjøpa deg båt? Det er gode moglegheiter for å kjøpa båt i Suldal, og det er også tilbod om vinterlagring somme stader.

Treng du ein båtplass og/eller ein sjøbod? Ring eller send e-post om pris og tilgjengelige plassar og boder:

Arild Hebnes, tlf 95 96 98 09 / hytte@ryfylkefjordhage.no.

Ryfylke fjordhage tar atterhald om at det kan vera fullt i båthamna. Er det fullt vil hytte-eigarar i Ryfylke fjordhage bli prioriterte. Me kan også tipsa om andre moglege båtplassar på Hebnes / på Ropeidhalvøya.