Bilde av hyttene og området på Hebnes

Bilde frå Ryfylke fjordhage

Moderne hytter ved sjøen – på Hebnes i Ryfylke. Her ser du bilde av hyttene, både ute og inne. Inne-bilde og bilde av hytter og omgivelsar (2016) er i hovudsak tatt av fotograf Jan Nordtveit. Flyfoto er tatt av Jelsa luftfoto (2014).

Ryfylke fjordhage har 26 hytter på festetomt. Hyttene ligg i to felt, omlag 100 meter frå sjø på begge sider. Første hytte vart bygd i 2011. Hytte ved sjøen i Ryfylke fjordhage inneber at du får ei lita og praktisk innreia hytte, 35 m2 grunnflate pluss ca 18 m2 hems. Me leiger også ut båtplass på brygga vår på Hebnes, og me har sjøboder til lagring av utstyr til leige.

Har du grøne fingrar? Drøymer du om å ha din eigen vesle kjøkkenhage? Me har plass i åkeren!

 

Ring oss eller send tekstmeldingKONTAKT OSS FOR VISNING:  (+47) 959 69 809

Hebnes i Suldal

Hebnes ligg ytterst i Suldal kommune, heilt på spissen av Ropeidhalvøya. Her ligg fergekaien der ferja og hurtigbåten legg til. På Hebnes kan du sjå til Hjelmeland, Sjernarøayne og til Bokn. Det opne og gjestfrie landskapet innbyr til utfart og friluftsliv, men også til ro og avslapping. På Hebnes kan du bada, fiska, gå tur og dyrka grønsaker i åkeren. Vil du på ski, er Gullingen og Svandalen ein liten times køyretur unna.

På sommaren er det fint å ferdast sjøvegen til den flotte nærbutikken vår eller inn til kommunesenteret Sand. Her vil du finna eit godt kulturtilbod med museet og kulturhuset i front. På Sand er det også muleg å gjera ein riktig god handel, både på sko&klede, sports- og fiskeutstyr og båtar. Her vil du også finna hyggelege spiseplassar og uteservering om sommaren.

Velkommen til Hebnes og Suldal – her har me det fint!