Sein sommar i Ryfylke

Me har vore velsigna med ein fantastisk haust, etter ein heller begredelig sommar. Me har forsyne meg gått i kortbukse heilt fram til haustferien. 13 grader er god temperatur i oktober. Og så vart det altså slik at markjordbæra me nesten gjekk glipp av i sommar, fordi det var for vått og utriveleg å gå tur på vegen frå Hebnes, den fekk me eit nytt møte med nå i haustferien. Tenk det! Ikkje i så rikt mon som det pleier, men ei handfull og to vart det.

Markjordbær og markblomar, det er det rikeleg av her på Ropeidhalvøya. Ramsløk veks vilt somme stader. Kristtorn er det flust av på gardane rundt juletider. I sommar fann ei av dei som har hytte i fjordhagen mjødurt som ho laga saft av. Den smaka litt som hylleblomstsaft, berre ikkje så sterkt (heldigvis), og den skal visst gjera godt for mykje. Hylleblomst veks det og ein del av her, forresten.

Ny hytte på gang!

Hytte H21 på Hebnes

Alltid spennande å setja i gang med nye hytter. Viss hytta allereie er seld, er det sjølvsagt kjøpar som bestemmer det som kan variera frå hytte til hytte: takvindu, antal kjøkkenvindu, farge på hytta, farge på vegger, kva slags kjøkken det skal vera og nokre fleire ting. Viss me startar å byggje sjølve, er det me som bestemmer. Me legg alltid inn takvindu. Det vil dei fleste ha, og dei som ikkje har hatt det frå starten har lagt det inn etterpå. Somme har to takvindu. Desse vindua slepp inn mykje lys på soverommet på hemsen, og eg tenkjer alltid at det må vera så hyggelig å liggja på hemsen og sjå på stjernehimmelen om natta. Eller høyra på regnet.

(Meir under bileta)

Me pleier også ha ta to kjøkkenglugger, i staden for ein, som er standard. Igjen: me har erfaring med at dei fleste vil ha meir vindu, ikkje mindre. Me legg alltid opp til oppvaskmaskin, vaskemaskin og Altibox. Moglegheitene skal vera der! Sjølv om våre hytter er små og enkle, så meiner me det er god standard. Størrelsen på hytta borgar for at du ikkje treng bruka heile helga på vedlikehald, men det er samstundes god plass til det du vil ha plass til (familien din, feks.).

Fargen på hytta får me også bestemma. Me har eit fargekart som spenner frå skifergrå (lys) via berg (brunaktig) til sot (nesten svart). Åtte fargar er det å velja mellom til hyttene, og me prøver å tenka at det skal vera litt variasjon – når me bestemmer.

Denne du ser bilete av her heiter hytte H21. Den ligg i byggjetrinn 2. Der er det allereie bygd ei hytte, og det er plass til seks hytter til.

Saft av hylleblomst

Hylleblomstsaft
Saft av hylleblomst er lite haldbar. Ha den i plastflasker og legg den i frysaren!
Heldige oss som har naboar med hylleblomst i massevis rundt husveggene. Me har vore på lovleg slang, og laga verdas enklaste saft å laga: Hylleblomstsaft.

Me brukte:
40 gode klaser blomar
2-3 sitronar
2 kg sukker
25 g sitronsyre
2 liter vatn

Me kokte vatnet og rørte ut sukker og sitronsyre i det varme vatnet. I ei bøtte la me blomane og sitronene (som var vaska godt og skåre i skiver) og slo vatnet over. Dette stod under lokk, på kjøla, i tre dagar, før me silte av safta og hadde den i plastflasker. Safta me ikkje skulle ha med ein gong la me i frysaren. I kjøleskapet stod den seg berre nokre dagar.

Det blir ei kraftig smak av safta, og somme blanda den ut med meir vatn. Me har og prøvd den saman med sprudlande kvitvin, og det blei ein superfrisk og god velkomstdrink!

Fjordhagen i Hyttemagasinet

Ryfylke fjordhage i Hyttemagasinet
Reportasje i Hyttemagasinet
Klikk på bildet for å sjå heile reportasjen om Ryfylke fjordhage i Hyttemagasinet.

Hyttemagasinet har denne gongen ein reportasje frå Ryfylke fjordhage, kor me får lesa om stor-familien som har funne hytte-lukka med to hytter på Hebnes. Den observante lesaren vil nok minnast å ha sett denne familien på trykk før!

“Tre generasjoner har funnet den perfekte form for hytteliv på Hebnes. Store og små fryder seg over å kunne være sammen om hyttelivets gleder og friluftsaktiviteter.”

Trykk på bildet for å sjå heile oppslaget, eller klikk her!

Meir om Ryfylke fjordhage i media.

 

 

Me har runda 10-talet!

Denne veka selde me hytte nr 10. Det er ein milepæl: nå er me meir enn halvvegs i første feltet. Og me har nå 4 hytter under bygging.

Veldig kjekt å selja hytte etter at sesongen er over, også. Hytta skal stå ferdig sommaren 2014.

Ikkje alt går bra her i verda

Deig av mesk
Brød av mesk
Rugmjøl, mesk, salt, honning, gjær, kveitemjøl + vørter = brød. Helst …

Inspirert av ølbrygginga her om dagen fann me ut at me skulle prøve å lage avfallet etter brygginga til noko konstruktivt. Avfallet er mesken, altså kornet som er kokt ut, og det kan brukast i brød og knekkebrød.
Det måtte prøvast! I oppskrifta me brukte skulle det både mesk og vørter til, og det heile såg ganske bra ut.

Deigen vart tjukk og fin og utruleg lett å baka ut.

Ser ikkje så verst ut, kanskje. Men det vart ikkje bra.Men ein plass må noko ha gått gale. Ein ting var at ungane syntest det både smaka og lukta øl, og det var nå for så vidt greitt at dei ikkje lika smaken på det. Men brødet vart heilt rått inni. Etter 45 minutt steiketid var me litt overraska over det. Men det nytta ikkje å etersteika det heller.

Einaste trøysta var at nokre av råvarene likevel skulle hivast, så det store økonomiske tapet vart det ikkje.

Ser ikkje så verst ut, kanskje. Men det vart ikkje bra.

Synd, for det kunne fort gått godt!

Ølbrygging

Saman med gode naboar sette me oss nyleg føre å bryggje øl for første gong. Det viste seg at me hadde erfarne naboar med utstyr, og det var eit særdeles godt utgangspunkt.

Vårt bidrag var å velje ølsort og handle råvarer. Med sansen for lyst øl fall valet på India Pale Ale, og me kjøpte like godt to ferdige pakkar frå olbrygging.no. Då kom alt i posten: kornet ferdig kverna og humle, bitterhumle og gjær låg med i snedne små pakkar.

Me rigga oss til i verkstaden til Myhren og der vart vi endåtil trakterte med kaka, store mengder kaffi og pølse i lompe. Ein framifrå måte å tilbringe laurdagen på!

Her er loggen vår:

Utstyr: 2 jelsatønner med lokk, den eine med tappekran, ein krabbekokar som kokte på propanapparat, vannslange med kjølelement.

Litt einer i kokevatnet skal ha ein renskande effekt.
Litt einer i kokevatnet skal ha ein renskande effekt.

Myhren hadde vore tidleg oppe og sett på gryta, her varma me opp vatn  til 75 grader.

2013-10-12 08.51.45
Oppi denne tønna står 9 kg malt og 23 liter vatn på 65 grader og godgjer seg ein time. Dette er mesken.

Slå malten opp i ei tønne. Hell over det varme vatnet, tilsvarande 2,5 gonger vekta på malten. Rør godt. Me hadde 9 kg malt = ca 23 liter vatn.
Rør godt ut, mål temperaturen = 65 grader. Legg på lokk. La stå ein time. Mål tempen undervegs, den skal halda 65 grader. Nå frigjer me sukkerstoffer. Imens me ventar held me vatn varmt i gryta.

2013-10-12 09.36.19
Me brukte einer som sil.

I ny tønne med tappekran: legg einer oppi – framføre holet, det skal fungera som sil. Støtt eineren med trestav. Oppi her skal me vaska ut mesken (grauten:

Tøm mesken forsiktig oppi tønna (spa det oppi med ein plastspade).
Etterfyll med varmt vatn = 75-80 grader. Bruk eit dørslag for å ovverrisle grauten, ikkje tøm alt på ein gong. Ha oppi ca 10 liter, gjerne mindre. Nå skal me tappe ut vatnet i botnen, dette er vørteren som me treng.

Det er viktig at du ikkje tappar ut for fort, omlag ein liter i minuttet er bra.
Det er viktig at du ikkje tappar ut for fort, omlag ein liter i minuttet er bra.

Tapp ut ca 1 liter i minuttet, heller for seint enn for fort.
Etterfyll med vatn i tønna fleire gonger, det skal alltid vera vatn over mesken.

2013-10-12 10.02.50
Det må alltid vera vatn over mesken medan me tappar av.

Nå skal du tappe ut så mange liter som du har korn og gjær til. Me hadde kjøpt til 50 liter, men tappa ut litt meir. For å halda kontroll på kor mykje me tappa ut, tappa me i tilitersbøtte, tømte dette i ei tom tønne og tappa på nytt.

Etterfyll med vatn til du er ferdig. Heilt til slutt tappa me ut ei lita bøtte med vørter, utan å etterfylle med vatn. I denne prosessen kan det vera kjekt å smaka på den første og den siste vørteren du tappar ut for å sjå kor mykje meir smak og farge det er på den første!

67 liter vørter på tønne. Nå fyller me det opp i gryta, her skal det koke i 1,5 til 2 timar. Det er dette som blir ølet.
67 liter vørter på tønne. Nå fyller me det opp i gryta, her skal det koke i 1,5 til 2 timar. Det er dette som blir ølet.

Me tappa til saman opp 67 liter. Mesken som nå ligg att kan du hive, gjødsle trea med eller kanskje bake brød på :)

Tøm vørteren over i gryta. Kok opp  og la det koka i 1,5 til 2 timar.  Skum av etter ei stund. I løpet av koketida skal du:

Skum av ølet. Når humla er tilsett, blir det skum også av denne. det lar du liggje.
Skum av ølet. Når humla er tilsett, blir det skum også av denne. det lar du liggje.

Etter 30 minutt: ta av 2 liter til å løyse opp gjær i. Når dette er under 25 grader kan du røre ut gjære i det.

Samstundes: Ha oppi bitterhumle i ølet i gryta. Kok i 50 minutt til og ha i aromahumle. Kok i 10 minutt til.

Eit gammalt (og reint) dynetrekk vart brukt som sil. Effektivt!
Eit gammalt (og reint) dynetrekk vart brukt som sil. Effektivt!

Det ferdige ølet må silast av, me silte i et dynetrekk.

Avkjøl ølet til 25 grader før du kan tilsette gjæra.
Avkjøl ølet til 25 grader før du kan tilsette gjæra.

Avkjøl til 25 grader. Rør godt i ølet slik at det kjem til masse luft og ha i gjæra oppløyst i øl. Skum opp godt ein gong til.

Få luft i ølet før du har i gjær. Etterpå tar du også ein runde med vispen og får godt med luft i det.
Få luft i ølet før du har i gjær. Etterpå tar du også ein runde med vispen og får godt med luft i det.

Me fekk til saman 57 liter øl. Ølet står nå i tønne til gjæring.

Ein skummande 57-liter står nå til gjæring hjå Ole Johan. Spennande!
Ein skummande 57-liter står nå til gjæring hjå Ole Johan. Spennande!

Etter 5 dagar: slå over på dunk og la stå med lokk i 2 veker.

Etter dei 2 vekene: slå opp på flasker. Tilset omlag 3 gram brunt sukker i kvar flaske. Set kork på flaska og la dei stå i nokre veker før du byrjar drikke. Jo lenger jo betre!

Me starta klokka 08 og var ferdige klokka 14. Det blir litt venting, men det er verdt det!
Me starta klokka 08 og var ferdige klokka 14. Det blir litt venting, men det er verdt det!

Bli med på bakekurs

Lær å laga kråtekake og flatbrød med gardens beste bakstekoner! Ryfylke fjordhage arrangerer bakekurs på Kjølvikstølen grendahus laurdag 9. november klokka 10 til 15. På bakekurs får du lære å lage kråtekake frå botnen av: me lagar deigen, kjevler ut og steiker og smører og bretter kråtekakene heilt ferdig. Me skal også steike knasande godt, heimelaga flatbrød! Og du får sjølvsagt baksten med deg heim!

  • Kurset kostar kr. 650,-
  • Påmelding innan 25. oktober til 95 96 98 09 eller post@ryfylkefjordhage.no
  • Ta med deg: forkle, rillekjevle, lefsepinne, steikeplate (til å ha baksten på når du skal heim)
  • Det blir pause med forfriskningar undervegs

Manglar du noko av utstyret, eller har andre spørsmål om kurset, ring oss på 95 96 98 09!