Lemming i Bakkjen våren 2017

Lemming er ei spesiell og fin tid, for sauene og for bøndene. Det er travelt, men også svært givande med alt nytt liv som kjem til i løpet av denne hektiske perioden. I år er det 48 sauer som skal lemma hjå oss. Det er ikkje spesielt mykje, det er mange rundt oss som har adskillig større bøle enn det. Men så skal me ha grising samtidig med lemminga i år, så bonden skal nok ikkje bli gåande arbeidsledig i år heller.

Hald fram med å lese «Lemming i Bakkjen våren 2017»

Dyrkar sjølv!

Me sådde og planta ut ein heil del i åkeren i vår, og nå byrjar me sjå resultat. Som feks at raudkålen ikkje kjem opp … Det var jo synd, men frøa hamna i feil rad til å begynna med, og så har det nok skore seg i flyttinga. Men elles ser det ikkje verst ut. Maisen veks, det same gjer gulrøtene og pastinakken. Jordskokken som me fekk av hyttenabo Kristine veks, men ikkje så mykje som hennar. Me er spente på korleis den blir til slutt. Graskara kjem med store, fine blomar. Den er me ikkje så spente på, for den har vist seg før å vera særdeles viljug. Sukkerertene ser heller ikkje så verst ut. Tomatane som me sette inne, men som nå er komne ut, dei ser begredelige ut. MEN – det er kome ei grøn, fin tomat i den eine planten, så kanskje er det ikkje så avgjerande om planta er fin? Den som lever får sjå – og forhåpentlegvis smaka.

Salat
Salat vart det rikeleg av. Men den må me berre eta nå, før den sprenger.
Gulrotgras.
Gulrotgraset viser veg. Men ennå er det lenge til gulrøtene er store nok til å haustast.
Maisplanter
Mais er spennande greier. Me har fått det til ein gong før. Håper det blir bra i år også!
Snart blir det graskar her!
Snart blir det graskar her!

Meir båtplass

Me utvider nå brygga vår slik at me får fleire båtplassar. Det er rimeleg fullt i eksisterande brygge, så me har søkt om, og fått lov til, å utvida med flytebrygge. Denne veka er Levarskjer slipp og mek her og installerer flytebrygga. Utriggarane er klare til montering, og når alt er på plass, vil me ha ni nye båtplassar å leiga ut.

Båtplassane tilhøyrer ikkje Ryfylke fjordhage, dei er garden sine. Hytteeigarane i fjordhagen er prioriterte og får plass i båthamna først, men me leiger ut plassene som er til overs til andre.

ryfylkefjordhage_009 ryfylkefjordhage_008 ryfylkefjordhage_010

Me har sådd …

… men ennå er det ei stund til me kan hauste. Ute i åkeren har me sett:

  • poteter (midt i april)
  • raudkål
  • mais
  • gulrot
  • pastinakk
  • sukkererter
  • jordskokk
  • rødbete

Inne har me sett:

  • bladselleri
  • basilikum
  • erteblom
  • blomkarse

Me har også laga eit bed av to jordsekker og strødd nokre pakkar solsikker i dei. Inspirert av Judith på Gryte som berre set nokre solsikkefrø i graset ved hønsehuset og får opp store, flotte solsikker kvart år. Me prøvde i fjor, men plassen me sådde på er nesten utan sol. Me slår også nesten helt inntil veggen der, så me vart ikkje så forundra då det ikkje kom opp noko. Prøver igjen i år! På denne sida av reiskapshuset er det i alle fall sol!

Poteter på Hebnes
8. mai – og potetene spirer i finvêret.
Frø
Noko har me sådd ute OG inne, for å sjå kva som funkar best.
Åker på Hebnes
Me flyttar åkeren rundt. I år er den oppe ved vegen. Det er fleire av dei i fjordhagen som har planta hjå oss i år. Spennande!