Dra til Allmannajuvet i Sauda

Har du lyst til å dra til Allmannajuvet? Her finn du bilde og kart frå plassen. Allmannajuvet er eit av dei siste tilskota av stoppeplassar langs Nasjonale turistvegar. Dette stoppepunktet ligg altså ved fylkesveg 520 som går mellom Sauda og Røldal. Her har det ein gong i tida vore gruvedrift på sinkmalm, og her har arkitekt Peter Zumthor reist tre høge, kraftige bygg som var ferdige i rommar, men som hadde offisiell opning sist veke.

Dra til Allmannajuvet i Sauda
Det er tre høge bygg på staute pæler samt eit atrium som nå er kome på plass i Allmannajuvet Sauda.

Kva er det å sjå?

Det er tre høge, kraftige bygningar som er reist til minne om slitet og strevet gruvearbeidarane hadde, ifølgje Nasjonale turistvegar. Vegen opp er kronglete, og anlegget ligg i eit juv der Storelva kjem rennande friskt nedover. I det nederste bygget er det toalett. Så følgjer du gruvestien på andre sida av vegen opp til kafebygget og til galleriet.

Har du lyst til å dra til Allmanajuvet for å sjå i galleriet og  drikka kaffi, så må du gjera det i sommarsesongen. Det vil seia at det nå er stengt for sesongen, men det er flott å sjå på om ein ikkje kjem inn også. Sauda ferie & fritid fortel at det går an å bestilla for grupper utanom sesong.

 

  • To av husa i Allmannajuvet

Slik kan du dra til Allmannajuvet

Det er ikkje langt dit, har du først kome deg til Sauda. Du kjører fylkesveg 520 mot Hellandsbygd og Røldal, i sirka 9 kilometer. Anlegget ligg ved vegen, så du ser det med ein gong. Det er godt med parkeringsplass ved toalettbygget. Her er eit kart som viser vegen frå Sauda og opp:

Og her kan du sjå ein video som vart laga av Nasjonal Turistveg i samband med opninga.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.