Ein slags personaltur til Gullingen

Gullingen i Suldal er eit eventyrlig vakkert utfartsområde, med 5 mil med oppkjørte løyper. Me testa ut nokre hundremetrar her og der på årets første (og truleg einaste) rusletur i skiløypene.

Med grising og lemming nært foreståande var det berre å hiva seg rundt og nyta den siste garanterte frisøndagen på lenge (i alle fall for bonden). Me kunne ikkje brukt han betre! Les vidare under videoen her.

Her finn du forresten løypekartet til Gullingen-området.

Det kan gjerne framstå som om dette var første gongen me var der oppe, men me har labba i løypa på Gullingen før, altså. Me skal bare ikkje skrøyta på oss å kjenne alle rutene ut og inn.

Skilt mot Langeli

Dette er våre erfaringar frå ein roleg og fin dag i knall sol og null vind:

  • Det tar ein time å køyre frå Hebnes til Gullingen.
  • Rundt Mosvatnet er det mange fine rundar å gå. Dette er første parkeringa du kjem til.
  • Neste store parkering er ved Gullingen turistsenter sitt skitrekk. Her kan du gå rett frå bilen og ut i løypene. Eller opp i skitrekket som går opp til toppen( som også heiter Gullingen).
  • Me gjekk inn Breiastøldalen, som er ein av dei enklaste løypene (ja da, me likar det enkelt). Eit lite stykke inn i denne løypa kan du ta av til Langeli eller Solsideløypa.
  • Det er lurt og veldig hyggelig å følgje Gullspor –  Løypekjøraren på Gullingen på Facebook. God informasjon om løypene, og mange fine bilde!
  • Det er utruleg kjekt å ha heia så nære, slik at ein kan få vinter og ski heile dagen, og så reisa heim til mer vårlige område her nede ved sjøen – og det berre på ein time!

Av andre nevneverdige ting frå veka som gjekk kan me seia at første purka begynte å grisa på fredag, og den fekk 17 ungar. Laurdag kom det skjølsand med båt til Hebnes, og heile og halve bygda var og henta for å spreia ut på markene. Dette gjer me for at ikkje jorda skal bli for sur.

Hadde det ikkje vore fint om det fanst ei tilsvarande innvortes kalking for oss som er litt sure av oss også? Nå vel, det er heldigvis ikkje lenge til neste ferie. Det hjelper alltid på humøret.

Bonden i snøen
Ryfylke fjordhage si salgs- og marknadsavdeling på tur i Ryfylkeheiane.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.