Farvel, gamle venn

Grisekjøring i chevyen, med is og solo på veg heim: Ein gong var dette noko av det gjevaste ungane fekk vera med på. Nå er det slutt på grisekjøringa i Bakken.

Me kjøpte chevroleten for 15 år sidan, og fekk bygd oss ein eigna kasse på lasteplanet til frakting av smågris.

Lastebilen vår
Chevrolet 350 ls/chassis cab, 2000-modell. Denne har frakta grisunger frå garden vår til slaktegrisprodusentane rundt om i distriktet.

I mange år har det svart seg økonomisk å levera grisen sjølv, men nå er det ikkje så sjølvsagt lenger. Denne veka kom dei nye eigarane frå Horten og henta lastebilen, og frå nå av er det Nortura som skal henta og levera grisungar for oss.

Så held me pusten til påske

Måndag griste den siste purka, så nå kan me trygt seia at grisinga er over for denne gongen. Neste pulje skal grise i påsken.

Chevvyen
Å få vera med far og køyre gris innebar også at ein fekk solo og is på heimvegen. Dette er ein skikkeleg amerikanar, stor og god og med ein flott kassettspelar i front!

Denne veka har me hatt gjelding i grisehuset (eller kastrering som det også heiter). Då kjem dyrlegen til gards og saman med bonden kastrerer ho hanngrisene. Dette er ei vanleg prosedyre i grisehaldet, og me pleier gjelde når grisungane er ei lita veke gamle. Slaktebilen har dessutan vore og henta purker ein dag.

Det har elles vore nokre kalde og fine dagar i Rogaland denne veka, og det set me alltid pris på.

Is på Hebnes
Til og med på Hebnes legg isen seg der det er som grunnast.Men ikkje der båtane går og legg til, heldigvis.

Så pass kaldt er det nå at det er is i fjordane. Derfor måtte Bergens-studenten og medpassasjerane bussast frå Ølen til Rubbestadneset for å komma seg på båten til Bergen. Hurtigbåten går ikkje inn til Sauda for tida, heller, på grunn av is i fjorden. Det er ganske vanleg om vinteren, og passasjerane som skal til Sauda blir skyssa vidare frå Ropeid i buss.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.