Flott fottur til Fjetlandsnuten

Fjetlandsnuten på Ropeidhalvøya ligg omlag 716 m.o.h.. Ikkje like høgt som Grytenuten, men likevel: ein fantastisk tur. Dei fleste kjører opp til Fjetland og parkerer der, og då er det ein god time å gå opp. Denne turen er ikkje teikna inn på turkartet for Ropeidhalvøya, men den har same utgangspunkt som tur 5 (Røssenuten rundt). Anbefalast på det varmaste. Turen er ca 5 km lang totalt.

Utsikta er ikkje dårlegare enn på Grytenuten, og her ser du meir av bygda når du går ned att. Du kan også kombinera denne turen med ein tur til Tysingstølen eller Røssenuten rundt, det er godt skilta undervegs.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.