Førlandsøyane – ein skatt av ein tur

Midt i elveløpet til Suldalslågen ligg Førlandsøyane. Turen går på grusveg og på stiar og små bruer i utmark. Lett å gå, fint å leika – dette er verkeleg ein fin tumleplass for ungar. Fine furuar, muntre bekkar, stiar som lar deg svinse først hit så dit – og nokre rolige kyr, traff me på vår veg.

Førlandsøyane i Suldal

Slik kjem du deg til Førlandsøyane

Følg riksveg 13 frå Sand i ca 10 minutt. Når du kjem til brua over lågen: kjør over brua og ta så til venstre med ein gong. Eit lite stykke inn på Førlandsvegen ligg eit lite, kvitt grendehus på venstre hand. Her kan du parkera og så går du vidare til fots. Det er godt skilta og veldig greitt å finna fram. Ut.no har eit veldig godt kart over turen til Førlandsøyane.

Fleire bilde under videoen.

Sjå video (fin lyd!):

Fleire bilde:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.