Grytevatnet – tur til gapahuken

I påsken gjekk me tur til gapahuken ved Grytevatnet. Ein kjempefin, kort og grei tur som alle kan vera med på.
Me parkerte ved Grytestemmen og gjekk vegen inn til Gryte til fots. Når du kjem til garden er det skilta kor vegen går vidare. Når du nærmar deg enden på Grytevatnet kjem du til gapahuken som 4H har sett opp. Der hadde nokon i følgjet vore før oss og fyrt opp bål og sett eggevatnet på kok.

HER FINN DU TUREN PÅ KARTET!

Me var 20 stk som kokte egg og hadde kaffe før me rusla vidare. Me valde å berre gå til enden av vatnet, der somme hadde parkert. Ein kan også følgja bilvegen heil rundt, det er ein fin og overkommeleg tur.

Gryteåna kan vera småstri å komma over, men det går veldig fint viss du har støvlar på!
Gryteåna kan vera småstri å komma over, men det går veldig fint viss du har støvlar på!
Nokre av våre gjekk frå enden på Grytevatnet og kom fram før oss. Då kunne dei få eggevatnet på kok til me kom.
Nokre av våre gjekk frå enden på Grytevatnet og kom fram før oss. Då kunne dei få eggevatnet på kok til me kom.
Grytevatnet ligg flott plassert midt på Ropeidhalvøya: Du kan komma til på ulike plassar rundt vatnet for å bada eller padla - eller gå på isen om vinteren.
Grytevatnet ligg flott plassert midt på Ropeidhalvøya: Du kan komma til på ulike plassar rundt vatnet for å bada eller padla – eller gå på isen om vinteren.

Grytevatnet1

På stranda ved gapahuken er det fint å leika.
På stranda ved gapahuken er det fint å leika.
Aldri har egga blitt så gule som i år - kokt med løkskal oppi.
Aldri har egga blitt så gule som i år – kokt med løkskal oppi.
Gapahuk Grytevatnet
Gapahuken ligg veldig fint til ved Grytevatnet på Ropeidhalvøya.

ALLE TURANE PÅ KARTET FINN DU HER

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.