Me har seld hytte!

Svært fornøgde med starten på det nye året: Me har fått seld ei hytte, og dermed er 21 av 26 hytter selde :)

Torsdag denne veka fekk me beskjeden me hadde venta på, og sjølvsagt applauderte me for gode nyhende same kveld. Feirast det som feirast kan og bør!

Denne hytta skal vera klar til 1. juni. Nå er det fem ledige tomter igjen, så det er berre å hiva seg rundt vis ein først tenker på det.

sjampis
Me klapper oss sjølv på skuldra, me har jo seld ei hytte i dag!

På garden har det vore inseminering denne veka. Ein stad mellom 35 og 40 griser er inseminerte, og desse skal då føda om 3 månader, 3 veker og 3 dagar.

Me bestiller rånesæd frå Hamar, og den blir sendt med bil over Haukelifjell. Rånesæd er ferskvare, den held i fem dagar, så tapar den seg veldig i kvalitet etter det. Det er derfor viktig at den kjem fram i tide, og at den blir lagra rett undervegs. Bilen som kjører over fjellet har eit skap som har akkurat den rette temperaturen.

Akkurat denne veka var det eit eventyrleg snøvêr på austlandet, så det var ein del om og men før me fekk den fram. Men alt ordna seg.

7-vekers pulje

Tida er også ein viktig faktor for purkene. Purka står (er i brunst) vanlegvis 4-5 dagar etter avvenning. Ho står i ca 2 døgn, så då er det om å gjera å treffa. Viss ikkje må ein venta tre veker (eller seks) før ein kan prøva igjen.

Me driv puljedrift her på garden. Det vil seia at me har ei pulje med griser (30+) som griser kvar sjuande veke. Når ein driv med puljedrift er det viktig å ha system i både avvenning og inseminering.

Denne veka leverte me også seks purker til slakt. Desse var gamle, dårlige til beins, ville ikkje komma i brunst, eller tok ikkje ungar.

Kortvarig wonderland

Snø har me hatt på Hebnes i veke 3! Det er ikkje så vanleg med snø hjå oss. Det kjem noko kvar vinter, men han blir som regel ikkje liggande særleg lenge.  Mini i familien reiste til Suldal og stod på skøyter. Det er også råd å stå på Grytevatnet og i Vatlandsvåg, viss det berre blir kaldt nok.

Me runda av veka med å reise til Bergen for å besøka studenten vår. Då var det greitt å ha god avløysar som ordnar opp medan me er vekke.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.