I hagen vår: – Her dyrkar me det gode livet!

Kjøkken-hage er kjekt å ha. Bli med ut i åkeren vår og sjå kva desse tre damene dyrkar. Her får du gode tips med på kjøpet:

Farge-hage hjå Åse

Åse er svært fornøgd med årets potethaust. Ho har sett pimpernell og kan nå begynna å hausta. – Dette er dei beste potetene! Dei er kokefaste og dei har ein nydeleg farge, seier ho og viser fram fine, rosa knollar. Sjå når Åse haustar pimpernell i videoen under her:

Under ein plante er det nok potet til ein familie, seier Åse. Potetene oppbevarar ho i papirpose, uvaska, for då held dei seg best. I tillegg til potet har Åse purre, gulrot, raud og grøn salat. Ho har også ein heil del vekster i kassar og på friland rundt hytta si, og dei skal me få høyra meir om ein annan gong.

Kjellaugs grønkål

Kjellaug har hatt hytte på Hebnes og grønsaks-hage i åkeren i årevis. I år har ho grønnkål, purre, rødkål, rødløk, cepaløk, sjalottløk, squash, graskar, gulrot, dill og rosenkål. Løken er blitt stor og fin og stikk godt opp av molda, gulrøtene likeså. Purren har ho også begynt å ta av, og graskara, dei slynger seg rundt i åkeren og pynter fint opp der dei ligg og gjer seg store.

Grønnkål er ein grønnsak som har fått litt fornya merksemd i det siste, og her fortel Kjellaug om sine erfaringar med den:


VIDEO

Nytt og spennande

I fjor kom det noko nytt i åkeren på Hebnes. Kristine hadde med seg jordskokk som stod så flott heile vinteren, med store, gule blomar oppe på toppen av planta (på hausten). – Den er i familie med solsikka, fortel ho. Derav den gule blomen, altså. I år har ho kome med ennå ein ny plante. Den heiter oca og er ein knoll som blir dyrka høgt oppe i Andesfjella. Den har nettopp begynt å laga seg knollar, men ein kan faktisk også bruke lauvet som stikk opp over bakken også. Her fortel Kristine meir om oca-en:

Kristine har dessutan gulrot, grønnkål, solsikke, salat og ringblom i åkeren. Ringblom skal ho laga salve og såpe av, i tillegg til å plukke han inn for å ha som pynt. Åse er også glad i ringblom, og ho tipsar om at det er veldig greitt å knipe av knoppen på blomen og bruke frøa til å så på nytt.

OPPSKRIFT på jordskokkpuré og dressing med oca kan du lesa lenger ned i saken.

Fleire videoar kan du sjå her:

Kristines oppskrift på jordskokkpuré og dressing med oca:

Jordskokkpuré:

400 g skrellet jordskokk
2 dl kremfløte
1 ss meierismør
salt og pepper
Litt sitron

Kok jordskokkene møre i vann (eller i melk som kan brukes i potetmos for litt ekstra smak). Hell av vannet/melken. Moses med fløte og smør, bruk helst en stavmikser. Smak til med salt, pepper og sitron. Nydelig til både kjøtt og fisk.

Enkel rømmedressing med oca:

Fåes ved å hakke opp rikelig med blader av oca og blande disse i lettrømme. Friskt og godt til laks og ørret.

Flinke folk i hage

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.