Høsebrua, Sandsfossen og laksestudio

Har du høyrt om Høsebrua?

Har du litt tid å slå i hel ein dag vil me gjerne anbefala deg ein tur til kommunesenteret vårt Sand.

Der finn du ei nasjonal lakseelv, ei prislønna bru, eit laksestudio der du kan sjå laksen i lågen og den flotte fresande Sandsfossen. Alt dette i eit område på berre nokre hundremetrar!

Høsebrua (også omtala som Høse bru) vart bygd i 2013, og med den fekk me tilkomst til Suldalslågen på begge sider på Sand. På andre sida av brua er det opparbeidd ein fin grussti som går opp til Garaneset. Ei kort tur-rute der det og passar fint å gå med barnevogn. Høsebrua er teikna av arkitektkontoret Rintala- Eggertsson Architects og har mellom anna fått prisen som “årets bru” i 2013 av det amerikanske reiselivsmagasinet Travel+Leisure. Høsebrua er ein attraksjon i Nasjonale turistveger.

Suldalslågen er ei nasjonal lakseelv som har sitt utspring frå Suldalsvatnet inst i kommunen, og den renn ut i Sandsfjorden på Sand. Laksefisket i elva er regulert og du må skaffa naudsynt løyve for å få fiska der. Men å sjå på den og nyta den er fritt for alle. Elva tar ein liten dans i Sandsfossen før den munnar ut ved Fiskeberget.

Rett ved fossen ligg Laksestudioet. Det har ope om sommaren, og der kan du gå ned og sjå laks og sjøaure gjennom vindauge under vassflata. Vindauga er i det femte trinnet i laksetrappa som laksen brukar for å komma seg opp i elva for å gyta. Opningstider for laksestudioet finn du her.

Og har du lyst til å sjå nokre fantastiske bilde frå elva og brua (feks. i kveldslys), så sjekk ut Suldal foto sine heimesider.

Dette er våre bilde:

  • Følg skilta til den gamle postvegen. Der finn du Høsebrua, Sandsfossen og Suldal Laksestudio.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.