I fjordhagens teikn

Om å bygge hytter i vinden og å gi bort ein halv gris.

Det er ikkje til å legga skjul på at det er kaldt for tida. Relativt snøfritt – men skikkeleg kaldt! Det er litt fint, da, for dei av oss som har innearbeid. Og hadde hyttebygginga stått på ein sytepave som meg, så hadde det blitt relativt lite gjort i desse dagar. Men min jobb er først og fremst å dokumentera det som skjer, og då klarar ein vel alltids å pakka seg inn i den forrektige vinterhabiten og traska bort og ta bilde av dei riktige heltane: Snikrane som denne veka byrja reisa dei to hyttene i fjordhagen.

Hytte under bygging
Denne hytta er seld og skal vera innflyttingsklar i juni.

(Overdriver du ikkje litt nå, synest eg at eg høyrer bonden seia. Me er ikkje på Nordpolen, akkurat. Vel er det vinter, men sååå kaldt er det ikkje. Og det stemmer. Men alt er relativt, også kjensla av kulde og frost, og slikt kan ein også få dagane til å gå med: å diskutera kva som er kaldt og kor mykje snø må det vera for at me skal kunne seia at det er snø på Hebnes.)

Marvik musikkorps
Marvik Musikkorps – er dei ikkje fine?

Fremmad …

Denne veka feira forresten musikkorpset på halvøya, Marvik Musikkorps, 40 årsdagen sin. Heia korpset! Ein finfin gjeng som mellom anna hadde den – etter vår meining – beste utstillinga i pepparkakelandsbyen før jul, og som er eit trufast og taktfast innslag i kulturlivet vårt. Heia korpset! Me fekk ikkje gått på festen, men Ryfylke fjordhage gav ein gevinst i form av ein halv gris. (Me fekk sjekka ut på førehand at det var i tråd med lovar og reglar, for slike ting er viktige.) Me støttar tid om anna opp om lokale/semilokale saker, og har du lyst til å sjå kva andre saker me har støtta, så er du hjarteleg velkommen til å gjera det.

Og til sist

I denne veka, som er den 10. i året, har me også flytta på litt skit – frå grishus til sauehus. Det er nå bare slikt me steller med.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.