– Ka´ søren?

Klimaflyktning frå Sauda fekk sjokk då ho kom til Hebnes.

Denne tabloide og tendensiøse opninga (som me slett ikkje har dekning for å sitera direkte, men me har fått det referert) prøver å formidla den fortvilinga ho følte, ho som kom frå Sauda i helga, drittlei av snø, til Hebnes, for å finna våren. Og kva fann ho?

SNØ i bøtter og spann

Snø i vegen, og snø på taket. Pudder på bakken og filler i lufta. Ikkje slike mengder som me høyrer om i Sirdalen og liknande plassar. Det er ingen som snør inne her nede på neset, for å seia det slik. Ein må finna andre unnskyldningar for å ikkje komma seg heim frå hytta og på jobb.

Hebnesmarka
Hebnesmarka laurdag 10. februar 2018.

Garden som gløymde at det ikkje lenger var jul

Men snø nok til at ungane kunne finna fram skia og gå tur på ekrene, har det vore. Nok til at brøytebilen hadde seg nokre rundar fram og tilbake for å brøyta, ikkje berre strøya. Skikkeleg julestemning, som ein påpeikte, og me tenkte at det kanskje ikkje var så farleg at me ikkje har tatt vekk utejulelysa og kristtornkransen på døra ennå.

Den blå turen
Den blå turen, mot Berakvam.

Rett skal vera rett, snøen har komme og gått fleire gonger denne veka. Laurdag morgon, til dømes, starta med grøne ekrer og kvitt på kringliggande toppar. Ein tur opp i Hebnesmarka avslørte at ein ikkje skal så langt oppi heia før ein møter snøen.

Fordelen med å vera høg i skitfallet

Eit par hundremeter opp i høgda låg den, tjukk og kvit, og me trødde til godt over knes i snø då me nærma oss Smøråsen (ca. 444 moh). Oppe på Halvtjørna har dei gått på skøyter dei siste vekene. Og den blå turen er nå for tida både på tørr grunn og snø. Nede på Hebnes att, trødde vi på tørr asfalt med snødekte sko, men seinare på kvelden var det brått full vinter.

Nedstrandsfjellet i det fjerne
Nedstrandsfjellet i det fjerne.

Det snur fort her hos oss. Så om snøen blir liggande i Hebnesmarka ennå ei stund, er det stor forskjell mellom morgon og kveld her nede. Vi må berre nyta det vêret me likar best, når me har det, og så gleda oss over at det er svært kort tur til to flotte utfartsområde i nærleiken, Svandalen og Gullingen. Og sjå til å få inn utejulelysa før dei snør ned igjen.

Frå Halvtjørna
På veg ned frå Halvtjørna søndag 4. februar 2018.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.