Kjøkkenhage – såtid i åkeren

I dag, på andre påskedag, har me sådd dei første grønsaken i åkeren. Me var langt i frå dei første til å så, somme var i gong palmehelga, faktisk :)

Men nå er det kome nedi, noko av det: Gulrot, discogulrot, cepa-løk, reddik og spinat. Me skal også så rødbete og polkabete i mai og pastinakk ein gong. Tel ennå på knappane om me skal så den til hausten først. Fjorårets pastinakk vart ståande heilt til mars i år (den tåler fint det). og det var litt kjekt å ha noko å hausta på våren også. Her på Hebnes er det mildt og fuktiog, med snøfattige vintrar, så her kan ein strekka sesongen langt.

Kjøkkenhage 2019

Sortane som er sådde, i den rekkefølgja dei er sådde:

  • Gulrot: Daucus carota L, på såband, tidleg sommargulrot, spiretid 2-4 veker, tynn ut
  • Gulrot: Harlequin Mix  F1, luk vekk ugras, spirer 2-4 veker, gjerne under fiberduk,  hausteing frå juli til midt september
  • Kepaløk: Stuttgarter Riesen, hauste midt juli og ut september, bruk gjerne toppene i løpet av sommeren, når toppen bøyer seg kan blada berre bli tørre før ein tar opp lauken
  • Reddik: på såband, hald fuktig til det spirer, blomsttring og hausting frå midten av mai til midten av oktober,
  • Spinat: Frø, Nores, så gjerne i fleire omgongar

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.