Klar for vinteren

Jul på Hebnes
Julestemning – med snø. Jula 2014

Fjerde juledag i fjor var det full vinter på Hebnes. Masse fin snø la seg rundt hus og hytter og gav oss den riktige julekortstemningen. Kjem det god snø, kan me faktisk gå på ski på bøane på garden. Det har me gjort mykje i den tida ungane var små, og dei har både gått runde på runde på langrennski og hoppa litt på slalåmski. Ein streng vinter var det også skøyteis på nokre dammar rundt på berga her, men det var ikkje just nokon god plass å gå på skøyter. Då må ein lenger inn på halvøya og gå på Grytevatnet eller i Vatlandsvåg.

Me er like vane med grøn jul som kvit jul, når sant skal seiast. Ein kjapp gjennomgang av siste års julefoto viser at me har hatt alt: regn, snø, hagl, barfrost, sol, fullmåne, stjerneklart …

Det fine med Suldal er at det er så store variasjonar her. Medan me kan fiska i isfri fjord på Hebnes heile vinteren, kan du reisa opp til Gullingen og gå på ski i flotte oppkjørte løyper samtidig. På Gullingen kan du renna både bortover og nedover for den del. I Suldal er me også så heldige at me har Gull-Spor, eller Løypekjøraren på Gullingen, som han også heiter. Bjørn Egil Nerheim kjører opp løyper så fort det er snø nok til det, og han legg ut fine føremeldingar og bilete på Facebooksida si. I år kjørte han løyper til langt utpå sommaren, men heldigvis er det ikkje slik kvart år. Det beste er at han held det gåande heile vinteren og sørger for at dei skiglade får nytta suldalsheiene fullt ut!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.