Lemming i Bakkjen våren 2017

Lemming er ei spesiell og fin tid, for sauene og for bøndene. Det er travelt, men også svært givande med alt nytt liv som kjem til i løpet av denne hektiske perioden. I år er det 48 sauer som skal lemma hjå oss. Det er ikkje spesielt mykje, det er mange rundt oss som har adskillig større bøle enn det. Men så skal me ha grising samtidig med lemminga i år, så bonden skal nok ikkje bli gåande arbeidsledig i år heller.

Viss du har lyst å følgja lemminga hjå oss, er det berre å sjekka inn her med jamne mellomrom. Me legg inn tal på lam og sauer i tabellen under her fortløpande. Sjekk også ut infografikken lenger ned på sida.

BILDE:

TABELL – LEMMING 2017:

DATOLEVANDEFØDTE LAMMØDRER
TOTALT10944
27/4 - ferdig!31
26/421
25/411
19/421
18/421
18/411
16/411
15/411
15/411
15/421
13/431
11/421
11/421
8/421
8/421
7/441
7/421
7/431
6/421
5/421
5/431
4/421
3/441
3/441
3/411
2/421
2/431
2/431
1/431
31/321
31/331
31/331
31/341
30/321
28/321
28/331
28/321
27/331
25/321
17/331
16/331
15/331
14/351
13/331

Me legg inn talet på levandefødte lam, men det vil alltid vera dødfødte lam. Per 28/3 har me til dømes fått 1+3 dødfødte lam, men desse blir ikkje talt i tabellen vår.

INFOGRAFIKK OM SAU:

(Trykk på plakaten for å få ein større versjon)

Infografikk om sau og lemming
Tala frå Landbruksdepartementet i infografikken er henta frå heimesidene deira.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.