Lemming 2018 – 43 som skal lemma i år

Jammen er dei presise i år – termin var 1. april, og første sau lemma 31. mars klokka 22.00. Då blir bonden glad :)

Så langt har lemminga gått relativt knirkefritt. Bonden hadde ei lita veke med fri (aka juryteneste) i byen, og då var det bondekona og bondens mor som måtte trø til. Då var gode naboar gode å ha – det er godt å ha nokon til å hjelpa seg når det skortar stort på eiga erfaring!

(meir under bildet)
sau 2018

Dei fleste har fått friske og spreke lam, faktisk synest me dei er større i år enn i fjor. Til gjengjeld har me ikkje så mange som skal ha store kull i år, og det er verkeleg å føretrekka. Eit par-tre kopplam har me, men dei blir fort avvente.

Men ennå (i dag er fredag 13. april) er det to tredelar igjen, og det bir spennande å sjå om dei blir ferdige til 1. mai, slik me håper på.

Fleire bilde + tabell over antall lam finn du nedover her:

lam som står på mora si

DATOLEVANDEFØDTE LAMMØDRER
31/321
1/442
2/421
5/432
7/494
9/452
11/452
12/431
13/441
15/462
16/473
17/441
18/462
19/484
20/452

sauer som et silo

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.