Det tar bare to minutt å gå frå hytta i fjordhagen, så er du ved sjøen – på brygga eller stranda, i båten eller i fjæresteinane.
Når ungane er fornøgde, er dei vaksne fornøgde, pleier me seia. Når ungane har noko å driva med, går det meste godt.

Ungane trivest ved sjøen. Nær naturen. Nær sjøen og saltet, blåskjella og småkrabbane.

Nede ved stranda i fjordhagen er det passe langgrunt til at dei minste kan leika i vasskanten. På andre sida av brygga er det djupt nok til at ein kan hoppa frå bryggekanten om sommaren. Me har sløyebenk med vatn, så du slepp ta fisken med opp i kjøkkenet og gjera han rein der.

Krabben ungane finn i taren inne ved land er så liten at den får komma ut i sjøen igjen for å veksa seg stor.




