Grisekøyring og hyttevisning

Grisekøyring vart den viktigaste ingrediensen på garden i den første veka i det nye året

Etter ein lang og regntung juleferie var det ikkje til å unngå at bonden sto og trippa rastlaust då det nye året starta med ein søndag på ein måndag. Alltid godt å komma i gang,  brumma han og lastebilen i kor då bilen sto ferdig lessa med smågris som skulle leverast.

Me er først og fremst smågrisprodusentar her på garden, og det betyr at me alar opp grisungar som skal vidare til ein slaktegrisprodusent for å veksa seg store og feite. Grisungane blir leverte frå oss når dei er gjennomsnittleg 30 kilo tunge. Då er dei 10-11 veker gamle.

Bonden leverer smågrisen sjølv, i lastebilen, i ein spesialkonstruert kasse med presenning over. Me leverer til fleire bønder. Denne gongen for dei til ein gard i Sandeid. Det vart to lass på tysdag og to lass på onsdag, til saman om lag 200 griser.

To grisungar frå garden Bakkjen
Griser er nysgjerrige og vil gjerne helse på. Men så er dei også litt skvetne, så det beste er å ta det h e i l t med ro.

Nå som smågrisavdelinga var tømt for gris, stod vaskinga for tur. Det kan ta fleire dagar, nå som me bløyter først. Onsdag skrapa han godt ut av alle gardene i smågrisavdelinga og tømte kraftfôrautomatane for mjøl. Så sette han på bløyteanlegget, som i praksis er eit sprinkleranlegg i taket, for å bløyte opp skiten. Når det får stå slik og fløyta seg, blir det mykje lettare å vaska, og det blir mindre støv og skit i lufta for han som vaskar.

Til krig mot skiten

Torsdag var det full vask med høytrykksspylaren. Då er det på med slagstøvler og fullt oljehyre, og så noko fin musikk på hørselsvernet. Men uansett korleis ein held på, så blir som regel bonden både våt og illeluktande. Familien på garden kunne somme gonger tenkt seg at vaskaren tok seg ein runde med høytrykksspylaren sjølv, før han kom inn. Men det er vel i det meste forlangt?

Uansett, givande er det, for her ser ein bokstaveleg korleis skiten forsvinn frå vegger og vindauge. Og etterpå blir det så fint! Når avdelinga er vaska set me på ein 50 kilowatts dieselbrennar for å tørka ut rommet godt. Den kan fort stå mellom 1 og 1  1/2 døgn før det er ferdig og klart til neste pulje med smågris.

Besøk på garden

Denne veka har det også vore litt aktivitet i fjordhagen. Torsdag hadde me Stavanger-folk på visning, og då er det berre å håpa at dette frista tilstrekkeleg. Det var ein flott solskinnsdag på Hebnes, og då er det ekstra kjekt å få visa fram hyttene og denne fantastiske plassen me bur på.

Så har me sett i gong bygginga av ei hytte. Den ligg på tomt H14. Denne er ikkje seld ennå, men me set gjerne i gong bygging sjølve for å halda dampen oppe i prosjektet. Det har me god erfaring med. Så langt har me støypt ringmur til denne hytta, og denne veka har me fylt på singel for å få rett høgde når me skal støypa golv i den.

Støyping av grunnmur.
I desember gjorde me klar til støyping av grunnmur i tomt H14.

Når me set i gong hyttebygging sjølve, er det me som bestemmer farge, innvendige vegger, kor stort vindauge det skal vera på kjøkken/stove og om det skal vera takvindu.

Til denne hytta har me sagt me vil ha fargen Nøtt. Her kan du sjå kva fargar me har å velja i.

Så gjenstår å sjå om det vart napp etter visninga denne veka, då set me sjølvsagt i gong med den hytta før me gjer ferdig H14.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.