Nullen i Marvik – finfin tur også med barnevogn

Turen rundt nullen i Marvik er den 6. turen på turkartet over halvøya. Turen startar som regel nede i Marvik. Enten ein vil gå opp bilvegen eller ein vil gå opp juvet, så er det sirka like langt opp som det er ned.

Kart over turen
Turen er 6 km lang, og me gjekk rolig og jamt og brukte 1 time og 30 minutt. Skjermdump frå Runkeeper
Nøringsbygget
Turen startar ved gamlebutikken/næringsbygget i Marvik.

Me starta ved den gamle butikken og gjekk opp forbi Marvik skule, opp gjennom byggefeltet på Huldrehaugen. Her er det asfaltert eit stykke vidare, før ein kjem inn på ein grusveg som “korkje blir brøyta eller strøydd” – som det står på eit gammalt vegskilt. Dette er ein gammal veg opp frå Marvik som er fint farbar i alle fall når det er snøfritt. Og det er det jo store deler av året her!

Skilt til Nullen i Marvik
Turen er skilta, men den er elles nokså sjølvforklarande.
Opp gjennom juvet i Marvik
På veg opp “juvet”. Det er fint å gå her, og innimellom må du passa på å snu deg og få med deg utsikta!

Oppe på hovudvegen kan det vera litt trafikk, så ein treng ikkje gå mange i breidden akkurat her. Men her får du også finfin utsikt, både ned til Marvik og ut Sandsfjorden mot Berakvam, Foldøy og Ombo. Her er det flatt og fint, så nå er du ferdig med oppoverbakkane.

Utsikta frå Sollandsheia
Utsikta frå Sollandsheia. Nå er du 197 meter over havet.

 

Postkassestativet på Solland
Det koselege postkassestativet fortel deg kor du nå er komen: Til Solland. Nå skal du svinge til venstre og byrja turen ned til Marvik att.

Det er godt skilta kor du skal gå ned att til Marvik. Og er du i tvil, så kan du berre sjå etter det særs hyggelege postkassestativet på Solland. Ned igjen til Marvik er eit heilt stykke å gå, her går du på asfalt heile vegen. Eit stykke ned i bakken låg det gamle ungdomshuset på halvøya før, men nå er det ikkje så mykje som ei flis att av det – berre morsomme minne om bygdafester der folk dansa så golvet gynga og nesten gav etter.

Kapellet i Marvik
Kapellet til høgre, båthavna til venstre.

Nede i Marvik møter kapellet deg nede ved sjøen. Det er bygd i 1920 og det tener nå som kyrkje for heile Ropeidhalvøya (tidlegare sokna ytre deler av halvøya til Jelsa kyrkje). Når du kjem til den gamle butikken i Marvik att, er turen ferdig og du kan klappa deg sjølv på skuldra og gratulera deg med nok ein overstått tur på halvøya!

Kjentmann på denne turen: Ellen Marvik Veggeberg. Takk for turen!

Kartet til denne turen og fleire turar på Ropeidhalvøya kan du lasta ned her, eller du kan henta deg eit på butikken vår.

ALLE TURANE PÅ KARTET FINN DU HER

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.