Om oss: Ryfylke fjordhage – hytter ved sjøen

Ryfylke fjordhage på Hebnes er:

– 26 hytter på festetomt
– hytter på 35 m3 + 18m3 hems
– med sengeplass til 4-6

21 hytter selde – 5 ledige tomter

Ryfylke fjordhage er eit hytteprosjekt på Hebnes i Suldal. Me sel små og snedne hytter på festetomt, fordelt på 2 felt. Begge felta ligg 100 meter frå sjøen. Me har båtplass og sjøbod til leige.

 

HER ER ME:

Ryfylke fjordhage ligg på HebnesRopeidhalvøya i Suldal kommune. Du kan køyre ferjefritt frå Haugesund, Odda eller Sauda, og Stavanger ligg berre ein times tur avgarde med hurtigbåt. Det er gåavstand frå kaien til hyttefeltet (700 meter), så du treng faktisk ikkje bil. Nærbutikken vår leverer varer mot bestilling.
Ei hytte ved sjøen hjå Ryfylke fjordhage er eit skritt nærmare draumen om det enkle, gode livet på landet.

FAKTA:

Ryfylke fjordhage as (org.nr. 997 014 235) er eigd av Arild Hebnes og Toyni Tobekk. Hyttefeltet vårt ligg på garden vår, Bakkjen, på Hebnes.

TIDSLINJE:

2008:
STARTEN – Arbeidet fram mot ein reguleringsplan vart langvarig. Me gjekk mange rundar med arkitektar, kommune og fylke for å sikra oss at planen skulle gå gjennom til slutt. Og det gjorde han etter fem år! Då var det også bestemt at arkitektkontoret Kon-Sul i Suldal skulle stå for teikning av feltet og hyttene.

2011:
ME ER I GANG! – Etter fem år med planlegging kan me omsider seia “nå begynner det”. Holmen maskin startar opparbeidinga av hyttefelt trinn 1 (18 hytter) tidleg på vinteren i 2011. Me signerer kjøpekontrakt med dei to første hyttebyggjarane i mars, og dei flytter inn til jul same året. Me sel fire hytter i Ryfylke fjordhage i alt første året.

2013:
HYTTEFOLKET FIKSAR – Ryfylke fjordhage velforening har etablert seg. Foreninga har eit styre og opererer uavhengig av Ryfylke fjordhage as, som er eigedomsselskapet. Styret i velforeninga tar seg av felles aktiviteter og investeringar. Hyttefolket etablerer også den svært hyggelige skikken med Olsok-feiring ved sjøen og oppe på løkka i fjordhagen.

2014:
NESTE STEG – Med 11 selde hytter bestemmer me oss nå for å opna byggjetrinn 2. Dette er eit midre felt, med 8 hytter, som ligg fantastisk til med utsikt til bukta og sandstranda på same side som hurtigbåten legg til.

2016:
LOKALT FOTFESTE – I Suldal er det tradisjon for å ha hytte i Suldal – eller nabokommunane. Kort veg til hytta er eit stort pluss for mange, det gjer at hytta blir brukt ofte. To av hyttene me selde i 2015-16 var til suldøler, og det er me svært glade for. Ekstra kjekt hadde me det i juli 2016 – då selde me 3 hytter på 10 dagar. Moro!

2017:
KREMÅRET! I år selde me 5 hytter, så mange har me aldri seld på eit år før. Begge felta er nå godt etablerte, velforeninga er i sving med godt humør og god takhøgde. I løpet av dette året fekk også velforeninga merka ein fin sti her på Hebnes, som nå går under namnet Den blå stien.

Ryfylke fjordhage sett frå sjøen Dei fire ytterste hyttene i første byggjetrinn. Det går sti frå hyttefeltet og ned til sjøen der sjøbodene (avlangt hus til høgre) og brygga ligg.