Røssenuten og Fjetlandsnuten er tvillingnutar. Den eine går du rundt, den andre oppå.
Når det er sagt, så er det merka halvvegs rundt Røssenuten ein plass ein kan gå opp og sjå om ein finn toppen. Men den er ikkje teikna inn på kartet, så me tar ikkje toppturen med her.
Turen rundt Røssenuten er dessutan flott i seg sjølv! Du parkerer på Fjetland og går opp til Lie, der det er godt merka kor ein skal gå for å komma til Fjetlandsnuten, Tysingstølen og Røssenuten. Turen er ca 7,5 km lang, og det er ikkje veldig mykje stigin, heller ikkje noko klyving. Stien er godt merka heile vegen rundt. Når du kjem på baksida av nuten får du flott utsikt til Imsland og Sandsfjorden.
(Meir tekst under bileta)


Denne turen passar for dei fleste, vil me seia, men det er ikkje muleg å gå her med barnevogn.
(Meir etter bilda)




Dette er tur 5 på turkartet, og det er ein blå tur, noko som vil seia at den er moderat tung. Turen var ca 7,8 km lang og me brukte 3 timar og 40 minutt.