Såtid inne

Dette året har me planar om å ha grønnsaker både i pallekarm og i åker. Det hadde me for så vidt i fjor også, og då var det å dyrka i pallekarm forholdsvis nytt for oss. Så i år skal me hauste av fjorårets erfaringar som mellom anna tilseier at det er lurt å driva litt forkultivering.

I går sådde me derfor fem sortar som skal gje avkastning til sommaren/hausten, viss alt går som me ønskjer.

Chili, Trinidad Purple Coffee og Chili, Santa Fé, 10 frø av kvar sort. Er sett til groing på badet, der me har omlag 27 grader. Forventa spiretid: 2 veker.

Uchiki Kuri, japansk vintersquash, 8 frø og Lemon squash, sommersquash, 8 frø. Sett til groing på badet i 27 grader.

Raud basilikum, 3 Potter med 3-4 frø i kvar. Sett til groing og spiring i vinduskarmen på kjøkkenet.

Sellerirot. Sådd i minidrivhus og mjølkekartongar. Står svalt og lyst i kjellaren.

 

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.