Saueklipp og Statkraftcup

Nyfriserte og fine går dei nå lemminga i møte. (Sauene, ikkje spelarane, men det forstod du jo :))

For akkurat så praktisk er det me tenker når me snauer sauene på denne tida. Onsdag var saueklipparen her og fekk skrelt av det bølet som skal lemma frå sirka 1. april. Torsdag var det avvenning i grisehuset. det vil altså seia at grisungene nå har flytta ned i smågrisavdelinga, medan mødrene deira har flytta til gjeldpurkeavdelinga. Og dermed er det plass til eit nytt kulle med vordende mødrer som, typisk nok, skal grisa i påsken :)

Laurdag var familien på vår siste Statkraftcup (i alle fall med deltakarar frå denne søskenflokken). Det innebar eit par timar i Suldalshallen med korte og spenstige kampar, i lag med foreldrer som gjekk på skift, som var der frå morgon til kveld i to heile dagar, som hadde tre-fire ulike kamptabellar å forholda seg til, med nistepakker store som fjell og ryggbårne kaffikanner … Slik minnast me i alle fall sjølve att det var dei gongane me var der med fire aktive spelarar, og jammen var det litt rart – og kanskje litt vemodig – at dette også er ein æra som snart er over.

Siste gong me var på juleavslutning på Marvik skule var me skjønt enige, mini og meg, om at dette kunne me verkeleg halde fram med å gå på, sjølv om me ikkje har ungar på Marvik lenger. “Det er fritt fram,” sa me. “Det er ingen som nektar oss, alle er velkomne.” Sidan tenkte me ikkje meir på det.

Etter turen på søndag såg me forresten nokre blyge snøklokker i naboens hage. Var dei ikkje fine? Me må spørja om å få oss ei rot når det tinar litt meir.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.