Sommaren festar seg

Det er tørt, tørt, tørt. Det er varmt som berre juling, strålande turvêr, og alle er brune før juni begynnar. Men ikkje alt er berre velstand.

For å ta det kjipe først. I dag starta ein skogbrann på Ombo. Me såg han kort tid etter at han starta i 10-tida. Ikkje flammar og slikt, men ein tjukk, kvit røyk som nesten kunne minna om skyer. Ganske fort vart det sagt at brannvesenet hadde den under kontroll, men så har det eskalert, og i kveld held sløkkingsarbeidet ennå på, med helikopter og greier. Gubban, men dei gjer ein god og viktig jobb, dei som strever med dette i dag.

Ombo søndag kveld.

Veka har elles vore like strålande som den førre. Me eter maten ute, kvar einaste dag, kvart einaste måltid. I fjordhagen vatnar dei åkeren og håper at det ikkje blir så mykje tørrare. Potetene spirer som berre det! Det er gildt å sjå.

Potetåker
Det spirer godt, både i potetåkeren og i kjøkkenhagen til fjordhagefolket.

Måndag denne veka var me med og gjekk Ølmedalen rundt. Eit svært hyggeleg og greitt turløp (gåtur) rundt Ølmedalsvatnet. Dette arrangementet finn stad andre pinsedag kvart år, og det er eit særs godt familiearrangement. Funka også utan barn, veldig kjekt når ein har gode naboar å gå med.

Himakånå
Me har ikkje for vane å publisera barisar. Men det var altså så varmt denne dagen, også på toppen på Himakånå.

Fredag kveld prøvde me ut den nye store snakkisen, Himakånå på Nedstrand. Det var ein tur som me meiner godt kan samanliknast med vår eigen Fjetlandsnuten. Me brukte ein time og fem minutt frå båten i Hindeåvåg, ein time ned att. Det var tidvis litt bratt, men veldig fint å gå. ikkje noko klyving, og takka vere vêret heller  ikkje vått. For den av oss med litt høgdeskrekk var det ikkje berre moro på toppen, men heldigvis var me aleine, så då kunne den redde instruera den frimodige om kor me skulle sitja og kva for røter me ikkje skulle snubla i. Ein verkeleg fin tur som berre er til å anbefala!

Grytevatnet
I fjorden ute hjå oss var det bikkjekaldt å bada, for å seia det som det er. Her i Grytevatnet var det nå litt betre.

Og – tamtaram – denne veka vart det bading både ute hjå oss OG inne i Grytevatnet. Salt og ferskt om einannan, der altså. Skal ikkje påstå at det var kokvarmt, slik ho sa, ho vesle som bada i fjordhagen sist helg. Men me fraus ikkje ihel – det fekk vera godt nok det.

Men tenk det, to bad på ei helg – i mai! Me klappar oss sjølve på skuldera og er glade for at det er skrive ned for all ettertid.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.