– Stovegolvet ditt er klart

Me bygger to hytter på likt nå. Berre ei av dei er seld, så treng du hytte har me ei klar til sommaren!


Det er fint og tørt nå (snøen kjem og går, nå for tida går den mest), så det er ideelt klima for litt hyttebygging. To golv er støypte. I veka som kjem skal tømmermennene begynne, og det er alltid kjekt å sjå når bygga reiser seg.

Støype golv
Denne hytta skal vera ferdig i juni. Den er seld.
Støype golv på hytte
Denne hytta skal vera ferdig i juli. Den er ikkje seld. Berre nemner det igjen. I tilfelle.

Det fine vêret avla også ein veldig tiltakslyst hos bonden, så han fekk med seg den gode Svein til å grøfta og drenera noko nede ved sjøen. Dei fekk tak i noko autovern som dei laga grøft over vegen med. I tillegg fekk dei lagt ein liten kumme og noko røyr ved stien frå fjordhagen, så nå skal det vera tørt og fint der nede, får me tru.

Grøfting på Hebnes
Var ikkje dette lurt?

Grøfting på Hebnes 2

I slutten av veka tok bonden med seg familien på helgetur til Gdansk. Då var det godt å ha god og trygg avløysar heime! Me har to flinke og kjekke avløysarar for tida, og det er verkeleg gull verdt.

Bonden på ferie i Gdansk
Den polske maten fall verkeleg i smak.
Vinter i Gdansk
Det var vinter i Gdansk også, gitt.
Sopot
Og der var me i Sopot.

Bakkjen from Ryfylke fjordhage on Vimeo.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.