Om å gjera seg synleg

Livet har handla mest om sau, lam og vårvinne i det siste, men nå er det på tide å tenka på noko som er minst like viktig: marknadsføring.

Då me starta å selje hytter, i 2011, høyrde me heile vegen det at “har du seld tre hytter, så sel resten seg sjølv etterpå”. Det høyrest jo fabelaktig ut, så etter dei å ha marknadsføra og seld dei tre første hyttene gjorde me ikkje ein pøkk. Nettsida segla sin eigen sjø, Facebook veit eg ikkje om me hadde ennå, men i alle fall: me sette oss til å venta på at pengane skulle begynne å veksa på tre. Det gjekk som det måtte gå. Heldigvis fekk me tatt oss i nakken og selt ei heilt på tampen av 2012.

Det pinlege var jo at eg (då som nå) jobba med web, marknadsføring og pr. Men, at skomakarens barn er dei dårlegast skodde veit me jo mangt om, og sidan då har me brukt mykje tid og ein heil del pengar på den aller viktigaste jobben me gjer med dette kjære hyttefeltet vårt. Eg er ein streng, men kjærleg publiseringsplanleggar (som ikkje alltid følgjer planen, men har stor glede av å utarbeide han), og denne veka har me jobba med vårkampanjen for Ryfylke fjordhage i timevis. Forhåpentleg ber det fryktar. I dag har me dessutan hatt besøk av den nye mekleren vår frå Eiendomsmegler 1 (som me har jobba med i seks år nå). Og ikkje minst hadde me Steen dronefoto her sist helg for nye foto og den flotte videoen som du ser heilt nederst her.

Den første av avisannonsene våre kom på trykk i dag, og me har digitale kampanjer gåande på vår høgst skatta lokalavis og i Schibsted-systemet, pluss at me har vekt til live sovande kampanjer i Google Adwords.

Så langt, så godt. Ny annonser skal det også komma på Finn. Nøyaktig kva for eit tiltak blant alle desse som leier til salg er ikkje godt å seie. Personleg har eg mest tru på at det er summen av dette + fornøgde hytte-eigarar + facebook og instagram + våkne meklarar + gode ambassadørar som gir resultat.

Fjordhagen 2018 from Ryfylke fjordhage on Vimeo.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.