Det tar bare to minutt å gå frå hytta i fjordhagen, så er du ved sjøen – på brygga eller stranda, i båten eller i fjæresteinane.
Meir båtplass
Me utvider nå brygga vår slik at me får fleire båtplassar. Det er rimeleg fullt i eksisterande brygge, så me har søkt om, og fått lov til, å utvida med flytebrygge. Denne veka er Levarskjer slipp og mek her og installerer flytebrygga. Utriggarane er klare til montering, og når alt er på plass, vil me ha ni nye båtplassar å leiga ut.
Båtplassane tilhøyrer ikkje Ryfylke fjordhage, dei er garden sine. Hytteeigarane i fjordhagen er prioriterte og får plass i båthamna først, men me leiger ut plassene som er til overs til andre.