Dyrkar sjølv!

Me sådde og planta ut ein heil del i åkeren i vår, og nå byrjar me sjå resultat. Som feks at raudkålen ikkje kjem opp … Det var jo synd, men frøa hamna i feil rad til å begynna med, og så har det nok skore seg i flyttinga. Men elles ser det ikkje verst ut. Maisen veks, det same gjer gulrøtene og pastinakken. Jordskokken som me fekk av hyttenabo Kristine veks, men ikkje så mykje som hennar. Me er spente på korleis den blir til slutt. Graskara kjem med store, fine blomar. Den er me ikkje så spente på, for den har vist seg før å vera særdeles viljug. Sukkerertene ser heller ikkje så verst ut. Tomatane som me sette inne, men som nå er komne ut, dei ser begredelige ut. MEN – det er kome ei grøn, fin tomat i den eine planten, så kanskje er det ikkje så avgjerande om planta er fin? Den som lever får sjå – og forhåpentlegvis smaka.

Salat
Salat vart det rikeleg av. Men den må me berre eta nå, før den sprenger.
Gulrotgras.
Gulrotgraset viser veg. Men ennå er det lenge til gulrøtene er store nok til å haustast.
Maisplanter
Mais er spennande greier. Me har fått det til ein gong før. Håper det blir bra i år også!
Snart blir det graskar her!
Snart blir det graskar her!

Me har sådd …

… men ennå er det ei stund til me kan hauste. Ute i åkeren har me sett:

  • poteter (midt i april)
  • raudkål
  • mais
  • gulrot
  • pastinakk
  • sukkererter
  • jordskokk
  • rødbete

Inne har me sett:

  • bladselleri
  • basilikum
  • erteblom
  • blomkarse

Me har også laga eit bed av to jordsekker og strødd nokre pakkar solsikker i dei. Inspirert av Judith på Gryte som berre set nokre solsikkefrø i graset ved hønsehuset og får opp store, flotte solsikker kvart år. Me prøvde i fjor, men plassen me sådde på er nesten utan sol. Me slår også nesten helt inntil veggen der, så me vart ikkje så forundra då det ikkje kom opp noko. Prøver igjen i år! På denne sida av reiskapshuset er det i alle fall sol!

Poteter på Hebnes
8. mai – og potetene spirer i finvêret.
Frø
Noko har me sådd ute OG inne, for å sjå kva som funkar best.
Åker på Hebnes
Me flyttar åkeren rundt. I år er den oppe ved vegen. Det er fleire av dei i fjordhagen som har planta hjå oss i år. Spennande!

Jordskokk: til å eta og så

Jordskokk til tørking.

Me har kjøpt og tilberedt jordskokk fleire gonger, nå skal me også prøve å dyrka han sjølv. I helga var me så heldige å få ein del av avlinga til ei av dei som har hytte hjå oss i fjordhagen.

Jordskokk frå Ryfylke fjordhage
Jordskokken kan vera ganske knudrete og ikkje så enkel å skrella. Det treng ein ikkje alltid heller, det kjem an på kva du skal bruka han til.

Jordskokk = kul knoll

Denne knollen av ein grønnsak er god å steika, koka eller laga suppe på. Ho me fekk dei av har hatt dei ståande i åkeren til nå, men nå er dei altså hausta inn og sett i papirposar på ein kald plass. Me fekk ein god pose, og tenker å gjera som ho tipsa oss om: halda av nokre knollar og bruka dei til å setja.

I fjor var første gongen nokon hadde jordskokk i åkeren hjå oss, og det som var ekstra kjekt med det var å sjå på dei høge, flotte blomane det blir av dette lauvet. Ein liten bonus, rett og slett!

Sist helg var det så frose i jorda at det ikkje var råd å ta opp noko som helst (ja, jordskokken kan stå i åkeren i frosten). Nå er det bløtt i jorda og det ser ganske vårleg ut. Men det er ennå tidleg å begynna å setja ut settepoteter og å så på friland. Det er derimot ikkje for tidleg å byrja planlegga, og det me har planar om å så/setja i år er:

  • potet
  • gulrot
  • pastinakk
  • graskar
  • jordskokk
  • raudkål
  • mais
  • rødbete/polkabete
  • sellerirot

I tillegg vonar me at andre her på garden som før har planta, også i år vil pryda åkeren med lauk, purre, rosenkål, blomkål og brokkoli, slik at me kan få følgja voksteren deira og. Så får me håpa det blir ein lang og fin vår når me kjem så langt!

Her kan du lesa meir , og her finn du ei skikkelig god oppskrift på suppe.

 

Saft av hylleblomst

Hylleblomstsaft
Saft av hylleblomst er lite haldbar. Ha den i plastflasker og legg den i frysaren!
Heldige oss som har naboar med hylleblomst i massevis rundt husveggene. Me har vore på lovleg slang, og laga verdas enklaste saft å laga: Hylleblomstsaft.

Me brukte:
40 gode klaser blomar
2-3 sitronar
2 kg sukker
25 g sitronsyre
2 liter vatn

Me kokte vatnet og rørte ut sukker og sitronsyre i det varme vatnet. I ei bøtte la me blomane og sitronene (som var vaska godt og skåre i skiver) og slo vatnet over. Dette stod under lokk, på kjøla, i tre dagar, før me silte av safta og hadde den i plastflasker. Safta me ikkje skulle ha med ein gong la me i frysaren. I kjøleskapet stod den seg berre nokre dagar.

Det blir ei kraftig smak av safta, og somme blanda den ut med meir vatn. Me har og prøvd den saman med sprudlande kvitvin, og det blei ein superfrisk og god velkomstdrink!