Lokal øyhopping

I dag har me sett både esel og reinsdyr og lama som gjekk og beita ute på øya Talgje. Ein god del andre kjekke folk og dyr har me også truffe på. I dag har me nemleg vore på årsmøte i Ryfylkealliansen, med påfølgjande øyhopping fra Finnøy til Talgje og heim att. Me var fleire som aldri hadde vore der ute før, anna enn når hurtigbåten frå byen går oppom. Det skulle visa seg å bli eit forfriskande bekjentskap. Mykje takka vera Jostein Gard, frå Gard gartneri. Han auste ut av kunnskapen sin, om øya Talgje før og nå, og han synte fram og fortalde i gartneriet sitt og i Talgje kyrkje. Det er noko med å høyra på folk som har mykje å fortelja, og som er gode på å formidla det dei har å seia!

Fascinerande var det også å besøka det relativt nystarta Fiolen familiepark. Der kan folk komma og sjå på dyra dei har, spela på nokre heilt spesielle instrument som står i tunet, det er sandkasse og racer-traktorar for dei små – og eigentleg like mykje for dei store. Inne i huset dei har bygd til familieparken er det ein liten kafe, nokre spelebord (trur det var biljard) og eit forsamlingsrom oppe kor ein ha eit større møte eller liknande. Fint og ordentleg var det over alt, både ute og inne. I gapahuken deira fekk me servert ryfylkemat og kaffe frå kjele, og det set me jo alltid pris på.

I gartneriet
Jostein Gard er ein god formidlar og baud på mykje interessant for ein som aldri har vore på Talgje før.
Stemorsblomst
Gard gartneri leverer ofte sommarplanter til butikken på Kloppå, og du vil mest sannsynleg treffa dei der på halvøydagen som pleier vera i juli.
Frå gartneriet
Urter og planter trivs tydeleg godt i varmen på Gard gartneri. Det dampa og det lukta så godt!
Fiolen familiepark
Fiolen familiepark opna i 2015.
Fiolen familiepark vart til for å styrka gardsdrifta, kunne eigaren fortelja
Fiolen familiepark vart til for å styrka gardsdrifta, kunne eigaren fortelja
TV Vest på besøk
TV-Vest skulle laga ein liten sekvens om Talgje-turen, eller var det kanskje maten?
Reinsdyr
Reinsdyr hadde bonden sjølv vore og henta i Finnmark – heile tre gonger!
Lama på Talgje
Lamaen gjekk ute og beita under nokre tre – og var svært lite interesserte i oss.
Instrument
Dette fine instrumentet hadde dei funne i Danmark og sett opp på gardstunet.
Fiolen familiepark
Hyggeleg på tunet, trass i at det skya over og vart litt kaldt.
Kyrkja
Talgje kyrkje ligg berre 40 meter over havet. Ikkje det høgaste punktet på øya – det rager nemleg heile 52 moh!
Kyrkjevindauge
Lite var rørt i kyrkja på Talgje, men vindauga var gjort litt større for ei heil tid tilbake for å sleppa inn meire lys.
Alteret
Kyrkja vart oppført på 1100-talet, men altertavla var frå 1600-talet, viss me minnest rett.

Hytte i solnedgang

Hytte H21 i Ryfylke fjordhage

Skal ein få tatt bilete i dagslys i desember, må ein jammen vera kjapp. Luciadagen var det endeleg sol igjen, etter dagevis med grått og regn (og litt tilløp til snø). Då var det på sin plass å få fotografert hytta som nå er under oppføring i felt 2 i Ryfylke fjordhage. Denne hytta skal stå ferdig til påske, og den er ikkje seld ennå. Frå denne hytta får du fin sjøutsikt ned i vika, og du kan sitja på verandaen og sjå på vokstrane som gror i kjøkkenhagen din. Eller følgja med på trafikken, som er ganske sporadisk og helst knytta til båt- og fergeanløp nokre gonger til dagen.

Det er elles rart korleis me ser kvar hyttetomt for første gong når me set i gong å byggja. Dei har ulike kvalitetar, og denne, ja den ligg rett uti berga og har steingarden og haugane som næraste nabo. Me er dessutan nå i det området der ungane bygde seg hytter i barndommen, så at det er ein attraktiv plass, det forstår me.

Sandsfjordbrua er opna

Sandsfjordbrua

Fredag 28. november opna omsider Sandsfjordbrua. Brua knyter saman kommunen på ein ny måte, og skal erstatta Sands-ferja som sluttar å gå til nyttår.

Med denne brua vil det nå gå kjappare å kjøra frå feks Hjelmeland til Hebnes, og for den del frå Erfjord og Jelsa til Hebnes. Om ikkje ein får så mykje kortare veg å køyra, så vil me nå sleppa å venta på ferga som til dømes ikkje går heile døgeret.

Ein av hyttefolket i fjordhagen har allereie prøvd å køyra Ryfylkevegen frå Stavanger til Hebnes via brua, og der var dei godt fornøgde med tida dei spara inn.

Sandsfjordbrua har vore, og vil gjerne halda fram med å vera, ei kontroversiell bru i Suldal. Ikkje alle er like glade for at ho er kome. Me har aldri lagt skjul på at me har gleda oss og venta med lengt på at den dagen skulle komma då me vart landfaste med resten av kommunen. Me er glade for å ha fått korta ned reiseruta til deler av kommunen og til Ryfylke sørover, og ikkje minst til å ha fått eit kult og stilig byggverk blant oss. Sandsfjordbrua er den høgaste av sitt slag i verda!

Biletet i toppen er frå september, ein av dei siste dagane me hadde båten ute. Her er brua så godt som kopla saman. Bileta under her er frå opningsdagen 27. november, då representantar frå kommune, fylke og vegvesen varta opp med talar i pøsregn, medan grendeutvala serverte kakemenn og kaffi og korpset spelte det messingen bar.