Pokémon – nå har dei fått dilla på Hebnes

Pokémon Pidgey

Plutseleg er dei ute og går. Når me er ute og luftar hunden seint på kvelden, så treff me på ei: Fire-fem ungdommar i lag, med mobilen framføre seg, som eit lita lysande kompass i sommarmørkret. Dei er på Pokémon-jakt, må vita!

Pokémon-dilla, igjen …

Mange av dei hugsar me frå 10-12 år tilbake, då Pokémon var nytt og spennande, og dei sat der med gameboyane sine og spelte og delte. Me har fleire spor etter den tida i heimen, slik mange med ungar på alder med våre har: Pokémon-handkle, Pikachu karnevalsdrakt, Ash Ketchum-kopp, samlekorta som dukkar opp innimellom … Og nå er dei altså i gang igjen. Dei går og går, til Tveita og Askvik, kor enn det må vera ein Pikachu eller Charmander å finna.

Når me kjører til butikken nå for tida, får me beskjed: Du må stoppa ved bedehuset.

Der er det visst noko å hala. Og me stoppar. Ved bedehuset kan ein kjøra inntil. Det er ikkje mykje trafikk her på halvøya, det er relativt trygt å driva jakt til fots og i bil (når ein berre køyrer inntil og stoppar, då). Så får dei lagra seg opp med egg som skal klekkast og gudane veit kva.

Me vaksne har ikkje begynt å spela Pokémon GO. Ennå. Men kanskje me burde. Det ser i alle fall ut til at motivasjonen til å komma seg ut dørene og ut i regnet er langt høgare hjå den spelande delen av gardsfolket, enn hjå oss andre.

 

Makrellfiske på Hebnes

Makrellfiske på Hebnes

Makrellen bit godt for tida. I går kveld var ein slik gong. Me sat ved sjøen og såg på utsikta då dette følgjet kom og byrja fiska. Og det nappa, og det nappa igjen! Tre store bøtter såg det ut til at det vart. Gjett kva dei skal ha til middag i dag :)

Suldal kommune på besøk i fjordhagen

Suldal kommune på tur med Ryfylkebussen

Det var med stor glede me tok imot folkevalde og tilsette i Suldal kommune i fjordhagen i dag. Både bonden og eg har vore aktive i politikken, så me kjenner godt til at siste kommunestyremøte før sommarferien ofte inneber ein blåtur rundt i kommunen for å sjå på kva folk steller med på den plassen. I år var det altså Ropeidhalvøya som vart arena for blåtur, og ein av stoppeplassane var då i Ryfylke fjordhage. Det sette me stor pris på.

Me har i seinare tid vorte meir og meir klar over at alt for få i kommunen kjenner til prosjektet vårt. Slik kan me ikkje ha det! Derfor har me bestemt å bruka dette året på å gjera oss meir synlege lokalt. Då er det sjølvsagt god drahjelp i eit slik besøk.

Blåskjell – deilig mat rett frå fjorden!

Blåskjell hentar me heime i brygga, eller me tar oss ein tur ut på fjorden og sig inntil land der me trur det er noko å finna. Me pleier å sjekka blåskjellvarselet før me hentar opp. Det skal nok svært mykje blåskjell til for å bli forgifta, meir enn me truleg greier å eta, men det er uansett ikkje kjekt å bli kvalm og uvel av maten heller.

I dag henta me ved det som her på garden kallast Thor Erik-steinen, og me hadde då ein bonde og ei tante i sving med haustinga, medan underteikna haldt fast i taren eller brukte åra til å styra oss på rett plass. Me skrubbar blåskjella reine nede ved sjøen. Då skrapar me av rur og graps som heng fast i skjellet, og så prøver me få av den vesle “hyssingstumpen” som heng ut av skjellet. Skjell som er opne brukar me ikkje, dei hiv me på sjøen att.

Blåskjell med øl

Blåskjella kan stå ei heil stund viss me ikkje skal bruka dei med ein gong. Me set dei på kjøla i ei bøtte, med litt vatn i, og der kan dei stå både ein og to dagar. Skjell som då flyt opp til overflata brukar me ikkje, dei er opne.

Det er mykje godt å laga av blåskjell. Du kan dampa dei på grillen og hiva litt blåmuggost oppi som får smelta på grillen. Me koker suppe på dei, eller lagar Moules frites som har blitt ein ny favoritt her i heimen. Såg det fristande ut? Oppskrifta på Moules frites finn du her.

 

Hausting av blåskjell
Han HAR redningsvest på. Og han har gjort dette før.
Halv bøtte med blåskjell er nok til fem.
Ei halv bøtte var nok til oss. Me var fem personar.

 

Blåskjell til vasking
Siste vask heime før dei går i gryta.
Moules frites
Moules frites er blåskjell kokt i øl servert med pommes frites. Godt!

 

Saueklipping i Bakken

Sau på Hebnes

Sauene har fått ein høgst tiltrengt runde med klipparen. I helga klipte me 54 sauer. Me klipper sauene to gonger i året, og det er alltid greitt å få det gjort i god tid før lamminga. Desse me klipte i helga skal byrja lamma i starten av april.

Nyklipte sauer
Nyklipte og fine sauer: 28. februar 2016.

Me var tre mann i arbeid og det tok litt over to timar å få klipt dei. Ein fangar sauen, ein klippar og ein stappar ulla i sekk. Ingen tvil om at klipparen har den tyngste jobben, og han gjer dette på adskillig større besetningar enn vår – og i dagevis.

Saueklipping
Me har sau av rasen Norsk kvit sau (NKS).

Dei to verane me klipte hadde ikkje blitt klipt på ei stund, men damene blei klipte også i haust. Me klipper dei to gonger årleg av fleire grunnar:
Det er lettare for lamma å drikka når jura og magen til mora er fri for pels
Det er reinsligare, spesielt når dei går inne mykje av vinteren.

saueklipparen
Saueklipping er ikkje for pingler. (Blurrete bilete: Ikkje så lett å halda på sau og mobil.)

Sauene ser naturleg nok litt snaue og kalde ut med ein gong dei er klipte, samtidig ser dei også veldig reine og fine ut. Så pass kaldt som det er nå så skal dei stå inne mykje av tida fram mot lamming, i alle fall om nettene. Og pelsen veks ut at til dei skal ut på beite til sommaren.

Sauehuset
Sauehuset vårt ligg for seg sjølv, unna hyttene og garden.