Makrellfiske på Hebnes

Makrellfiske på Hebnes

Makrellen bit godt for tida. I går kveld var ein slik gong. Me sat ved sjøen og såg på utsikta då dette følgjet kom og byrja fiska. Og det nappa, og det nappa igjen! Tre store bøtter såg det ut til at det vart. Gjett kva dei skal ha til middag i dag :)

Meir båtplass

Me utvider nå brygga vår slik at me får fleire båtplassar. Det er rimeleg fullt i eksisterande brygge, så me har søkt om, og fått lov til, å utvida med flytebrygge. Denne veka er Levarskjer slipp og mek her og installerer flytebrygga. Utriggarane er klare til montering, og når alt er på plass, vil me ha ni nye båtplassar å leiga ut.

Båtplassane tilhøyrer ikkje Ryfylke fjordhage, dei er garden sine. Hytteeigarane i fjordhagen er prioriterte og får plass i båthamna først, men me leiger ut plassene som er til overs til andre.

ryfylkefjordhage_009 ryfylkefjordhage_008 ryfylkefjordhage_010

Nyttårsbading på Kloppå

Ein fast tradisjon på Ropeidhalvøya er nyttårsbadet på Kloppå, i regi av Ropeidhalvøya bygdekvinnelag. Dei som vil bade møtest klokka 12 på flytebrygga ved butikken, og så hiv dei seg uti – ein etter ein.

nyttarsbading-pa-kloppa
Friske, tøffe ungar som badar i fjorden!

Somme år har det vore både is og snø, somme år er det isfritt og plussgrader. Åkke som: det er ein svært kald fornøyelse for dei modige som faktisk badar! I dag var det 9 grader i lufta, uvisst kor mange i fjorden. Kaldt var det i alle fall. Og som alltid var det langt fleire som var møtt opp for å sjå på og fotografera enn det var som bada. Det er også ein tradisjon, og me får tru at dei omlag 10 som bada set pris på oppbakking, heia-rop og applaus. Omsut frå bygdekvinnene i form av varm suppe eller kakao vankar det også etterpå.

Det er ein god miks av barn og vaksne som badar, men ein kan nok trygt seia at barna er i fleirtal. Det er godt å sjå at den oppveksande generasjonen har pågangsmot!

Takknemlig motiv

Snakka om å by på seg sjølv. Somme dagar byd hav og himmel på seg sjølv på ein slik måte at ein berre kan takka og bukka for at ein var så heldig å ha eit kamera med. Så kan ein nyta og knipsa og nyta igjen. Fint vel?

Hytta på Hebnes

Hytte i Ryfylke

Kart over Ryfylke

Det er ikkje alle som veit kor Hebnes er i verda. Forstå det, den som kan! Når me skal forklara folk kor hyttefeltet vårt er, så må me sirkla det inn. – Hebnes, det ligg i Suldal kommune, forklarar me. – Jelsa, det har du kanskje høyrd om? spør me. – Eller Sauda?

Mange har det. Dei har vore på båtferie innover fjordane då dei var små. Eller dei har vore på bryggedans. På Fister, for eksempel. Eller Sjernarøy – er det langt derfrå?

– Hebnes, det ligg i Suldal – og i Ryfylke, seier me også ofte. Det er ikkje alltid så lett å plotta Jelsa og Hebnes inn på det mentale kartet til folk som ikkje har vore her før. Men Ryfylke, det nikkar mange gjenkjennande til. Jo da, Ryfylke veit folk kva er, om dei ikkje ser kommunegrensene heilt klart for seg.

Kva er Ryfylke? Ryfylke er kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand, Forsand og Finnøy. Det er i alle fall desse seks som driv det interkommunale samarbeidet i Ryfylke IKS. Ryfylkealliansen er ei samanslutning av næringsdrivande i desse kommunane som har sett seg føre å gjera Ryfylke betre kjend som ein region å leva og arbeida i. Så finst det også ulike Ryfylke-organisasjonar som femnar om fleire/andre kommunar enn desse seks.

Ryfylke er vel så mykje ei kjensle av tilhøyrigheit som det er ei geografisk avgrensing. Me høyrer til i Ryfylke, me som bur her. Folk som reiser til Suldal eller Hjelmeland, dei reiser til Ryfylke. – Eg har hytte i Ryfylke, seier somme, like gjerne som dei seier at dei har hytte i Sauda eller Suldal.

Ryfylke er høgheia og den djupe fjorden. Fjell og vatn, jakt og fiske, kreative breibandsløysingar, kraftkommunar, bynære strøk, denne forunderlige riksveg 13, den grenselause naturen, fergene og nærbutikkane. Ryfylke er sau.

Me som bur på garden Bakkjen på Hebnes lever av gris, sau og potet, og av å selja hytter til andre som også vil komma til Ryfylke. Me lever heilt godt med det!