Dyrkar sjølv!

Me sådde og planta ut ein heil del i åkeren i vår, og nå byrjar me sjå resultat. Som feks at raudkålen ikkje kjem opp … Det var jo synd, men frøa hamna i feil rad til å begynna med, og så har det nok skore seg i flyttinga. Men elles ser det ikkje verst ut. Maisen veks, det same gjer gulrøtene og pastinakken. Jordskokken som me fekk av hyttenabo Kristine veks, men ikkje så mykje som hennar. Me er spente på korleis den blir til slutt. Graskara kjem med store, fine blomar. Den er me ikkje så spente på, for den har vist seg før å vera særdeles viljug. Sukkerertene ser heller ikkje så verst ut. Tomatane som me sette inne, men som nå er komne ut, dei ser begredelige ut. MEN – det er kome ei grøn, fin tomat i den eine planten, så kanskje er det ikkje så avgjerande om planta er fin? Den som lever får sjå – og forhåpentlegvis smaka.

Salat
Salat vart det rikeleg av. Men den må me berre eta nå, før den sprenger.
Gulrotgras.
Gulrotgraset viser veg. Men ennå er det lenge til gulrøtene er store nok til å haustast.
Maisplanter
Mais er spennande greier. Me har fått det til ein gong før. Håper det blir bra i år også!
Snart blir det graskar her!
Snart blir det graskar her!

Blåskjell – deilig mat rett frå fjorden!

Blåskjell hentar me heime i brygga, eller me tar oss ein tur ut på fjorden og sig inntil land der me trur det er noko å finna. Me pleier å sjekka blåskjellvarselet før me hentar opp. Det skal nok svært mykje blåskjell til for å bli forgifta, meir enn me truleg greier å eta, men det er uansett ikkje kjekt å bli kvalm og uvel av maten heller.

I dag henta me ved det som her på garden kallast Thor Erik-steinen, og me hadde då ein bonde og ei tante i sving med haustinga, medan underteikna haldt fast i taren eller brukte åra til å styra oss på rett plass. Me skrubbar blåskjella reine nede ved sjøen. Då skrapar me av rur og graps som heng fast i skjellet, og så prøver me få av den vesle “hyssingstumpen” som heng ut av skjellet. Skjell som er opne brukar me ikkje, dei hiv me på sjøen att.

Blåskjell med øl

Blåskjella kan stå ei heil stund viss me ikkje skal bruka dei med ein gong. Me set dei på kjøla i ei bøtte, med litt vatn i, og der kan dei stå både ein og to dagar. Skjell som då flyt opp til overflata brukar me ikkje, dei er opne.

Det er mykje godt å laga av blåskjell. Du kan dampa dei på grillen og hiva litt blåmuggost oppi som får smelta på grillen. Me koker suppe på dei, eller lagar Moules frites som har blitt ein ny favoritt her i heimen. Såg det fristande ut? Oppskrifta på Moules frites finn du her.

 

Hausting av blåskjell
Han HAR redningsvest på. Og han har gjort dette før.
Halv bøtte med blåskjell er nok til fem.
Ei halv bøtte var nok til oss. Me var fem personar.

 

Blåskjell til vasking
Siste vask heime før dei går i gryta.
Moules frites
Moules frites er blåskjell kokt i øl servert med pommes frites. Godt!

 

Lokal øyhopping

I dag har me sett både esel og reinsdyr og lama som gjekk og beita ute på øya Talgje. Ein god del andre kjekke folk og dyr har me også truffe på. I dag har me nemleg vore på årsmøte i Ryfylkealliansen, med påfølgjande øyhopping fra Finnøy til Talgje og heim att. Me var fleire som aldri hadde vore der ute før, anna enn når hurtigbåten frå byen går oppom. Det skulle visa seg å bli eit forfriskande bekjentskap. Mykje takka vera Jostein Gard, frå Gard gartneri. Han auste ut av kunnskapen sin, om øya Talgje før og nå, og han synte fram og fortalde i gartneriet sitt og i Talgje kyrkje. Det er noko med å høyra på folk som har mykje å fortelja, og som er gode på å formidla det dei har å seia!

Fascinerande var det også å besøka det relativt nystarta Fiolen familiepark. Der kan folk komma og sjå på dyra dei har, spela på nokre heilt spesielle instrument som står i tunet, det er sandkasse og racer-traktorar for dei små – og eigentleg like mykje for dei store. Inne i huset dei har bygd til familieparken er det ein liten kafe, nokre spelebord (trur det var biljard) og eit forsamlingsrom oppe kor ein ha eit større møte eller liknande. Fint og ordentleg var det over alt, både ute og inne. I gapahuken deira fekk me servert ryfylkemat og kaffe frå kjele, og det set me jo alltid pris på.

I gartneriet
Jostein Gard er ein god formidlar og baud på mykje interessant for ein som aldri har vore på Talgje før.
Stemorsblomst
Gard gartneri leverer ofte sommarplanter til butikken på Kloppå, og du vil mest sannsynleg treffa dei der på halvøydagen som pleier vera i juli.
Frå gartneriet
Urter og planter trivs tydeleg godt i varmen på Gard gartneri. Det dampa og det lukta så godt!
Fiolen familiepark
Fiolen familiepark opna i 2015.
Fiolen familiepark vart til for å styrka gardsdrifta, kunne eigaren fortelja
Fiolen familiepark vart til for å styrka gardsdrifta, kunne eigaren fortelja
TV Vest på besøk
TV-Vest skulle laga ein liten sekvens om Talgje-turen, eller var det kanskje maten?
Reinsdyr
Reinsdyr hadde bonden sjølv vore og henta i Finnmark – heile tre gonger!
Lama på Talgje
Lamaen gjekk ute og beita under nokre tre – og var svært lite interesserte i oss.
Instrument
Dette fine instrumentet hadde dei funne i Danmark og sett opp på gardstunet.
Fiolen familiepark
Hyggeleg på tunet, trass i at det skya over og vart litt kaldt.
Kyrkja
Talgje kyrkje ligg berre 40 meter over havet. Ikkje det høgaste punktet på øya – det rager nemleg heile 52 moh!
Kyrkjevindauge
Lite var rørt i kyrkja på Talgje, men vindauga var gjort litt større for ei heil tid tilbake for å sleppa inn meire lys.
Alteret
Kyrkja vart oppført på 1100-talet, men altertavla var frå 1600-talet, viss me minnest rett.

Ikkje alt går bra her i verda

Deig av mesk
Brød av mesk
Rugmjøl, mesk, salt, honning, gjær, kveitemjøl + vørter = brød. Helst …

Inspirert av ølbrygginga her om dagen fann me ut at me skulle prøve å lage avfallet etter brygginga til noko konstruktivt. Avfallet er mesken, altså kornet som er kokt ut, og det kan brukast i brød og knekkebrød.
Det måtte prøvast! I oppskrifta me brukte skulle det både mesk og vørter til, og det heile såg ganske bra ut.

Deigen vart tjukk og fin og utruleg lett å baka ut.

Ser ikkje så verst ut, kanskje. Men det vart ikkje bra.Men ein plass må noko ha gått gale. Ein ting var at ungane syntest det både smaka og lukta øl, og det var nå for så vidt greitt at dei ikkje lika smaken på det. Men brødet vart heilt rått inni. Etter 45 minutt steiketid var me litt overraska over det. Men det nytta ikkje å etersteika det heller.

Einaste trøysta var at nokre av råvarene likevel skulle hivast, så det store økonomiske tapet vart det ikkje.

Ser ikkje så verst ut, kanskje. Men det vart ikkje bra.

Synd, for det kunne fort gått godt!