Suldal kommune på besøk i fjordhagen

Suldal kommune på tur med Ryfylkebussen

Det var med stor glede me tok imot folkevalde og tilsette i Suldal kommune i fjordhagen i dag. Både bonden og eg har vore aktive i politikken, så me kjenner godt til at siste kommunestyremøte før sommarferien ofte inneber ein blåtur rundt i kommunen for å sjå på kva folk steller med på den plassen. I år var det altså Ropeidhalvøya som vart arena for blåtur, og ein av stoppeplassane var då i Ryfylke fjordhage. Det sette me stor pris på.

Me har i seinare tid vorte meir og meir klar over at alt for få i kommunen kjenner til prosjektet vårt. Slik kan me ikkje ha det! Derfor har me bestemt å bruka dette året på å gjera oss meir synlege lokalt. Då er det sjølvsagt god drahjelp i eit slik besøk.

Ut for å fri!

Trillebår Ryfylke fjordhage

Somme gonger vil ein ut og gjera seg lekker for mulige hyttekjøparar. I år har me bestemt oss for å komma oss ut på ulike arrangement i Ryfylke, og me starta med Saudadagane siste helga i mai. (meir tekst under bilda)

Stand på Saudadagane
Medan det ennå var tørt. Sauda laurdag 28. mai 2016.

Det var ein heller våt affære, det regna friskt heile laurdagen. Men saudabuen imponerte stort, dei trassa vêret og var ute så og seia heile dagen. Eit tjuetals personar var med på tippekonkurransen vår. Det synest me var utruleg bra, med tanke på at papiret dei skreiv på nesten gjekk i oppløysing mellom hendene på dei – så mykje regna det.

Saudadagane- bilparade
Programma gjekk sin gang, uansett. Paraden med gamle bilar var kul.

Ryfylkedagane helga etter var så utruleg heldige med vêret. Lokalavisa melder om publikumsrekord, og det er forståeleg! Fantastisk fest i dagevis, med marknadsdagen på laurdag som ei skikkeleg rosin i festpølsa.

Trillebår Ryfylke fjordhage
Ny fest, ny trillebår. Denne vart lodda ut på Ryfylkedagane. 50+ var med og tippa denne gongen. Her er me i gang med nedrigging etter ein deilig dag på Sand.

Neste “opptreden”, viss ein kan seia det slik, blir på halvøyadagen i Vatlandsvåg i juli. Etter det er det Frukt og Laks på Hjelmeland i september. Fleire bilde frå Ryfylkedagane her:

Tidleg morgon og me riggar oss til.
Tidleg morgon og me riggar oss til.

 

Korpsparaden får alltid opna markandsdagen, og korpset vårt, Marvik musikkorps, er sjølvsagt med!
Korpsparaden får alltid opna markandsdagen, og korpset vårt, Marvik musikkorps, er sjølvsagt med!

 

Me er på plass med trillebår.
Me er på plass med trillebår.

 

KV-Bygg hadde boblefest - med såpsebobleblåsing for dei minste.
KV-Bygg hadde boblefest – med såpebobleblåsing for dei minste.

 

Kom og kjøp, pølse med løk!
Kom og kjøp, pølse med løk!

 

Andaløpet er ein god ryfylkedags-tradisjon, der overskotet går til Røde Kors Suldal.
Andaløpet er ein god ryfylkedags-tradisjon, der overskotet går til Røde Kors Suldal.

 

 

Flott fottur til Fjetlandsnuten

Fjetlandsnuten på Ropeidhalvøya ligg omlag 716 m.o.h.. Ikkje like høgt som Grytenuten, men likevel: ein fantastisk tur. Dei fleste kjører opp til Fjetland og parkerer der, og då er det ein god time å gå opp. Denne turen er ikkje teikna inn på turkartet for Ropeidhalvøya, men den har same utgangspunkt som tur 5 (Røssenuten rundt). Anbefalast på det varmaste. Turen er ca 5 km lang totalt.

Hald fram med å lese «Flott fottur til Fjetlandsnuten»

Lokal øyhopping

I dag har me sett både esel og reinsdyr og lama som gjekk og beita ute på øya Talgje. Ein god del andre kjekke folk og dyr har me også truffe på. I dag har me nemleg vore på årsmøte i Ryfylkealliansen, med påfølgjande øyhopping fra Finnøy til Talgje og heim att. Me var fleire som aldri hadde vore der ute før, anna enn når hurtigbåten frå byen går oppom. Det skulle visa seg å bli eit forfriskande bekjentskap. Mykje takka vera Jostein Gard, frå Gard gartneri. Han auste ut av kunnskapen sin, om øya Talgje før og nå, og han synte fram og fortalde i gartneriet sitt og i Talgje kyrkje. Det er noko med å høyra på folk som har mykje å fortelja, og som er gode på å formidla det dei har å seia!

Fascinerande var det også å besøka det relativt nystarta Fiolen familiepark. Der kan folk komma og sjå på dyra dei har, spela på nokre heilt spesielle instrument som står i tunet, det er sandkasse og racer-traktorar for dei små – og eigentleg like mykje for dei store. Inne i huset dei har bygd til familieparken er det ein liten kafe, nokre spelebord (trur det var biljard) og eit forsamlingsrom oppe kor ein ha eit større møte eller liknande. Fint og ordentleg var det over alt, både ute og inne. I gapahuken deira fekk me servert ryfylkemat og kaffe frå kjele, og det set me jo alltid pris på.

I gartneriet
Jostein Gard er ein god formidlar og baud på mykje interessant for ein som aldri har vore på Talgje før.
Stemorsblomst
Gard gartneri leverer ofte sommarplanter til butikken på Kloppå, og du vil mest sannsynleg treffa dei der på halvøydagen som pleier vera i juli.
Frå gartneriet
Urter og planter trivs tydeleg godt i varmen på Gard gartneri. Det dampa og det lukta så godt!
Fiolen familiepark
Fiolen familiepark opna i 2015.
Fiolen familiepark vart til for å styrka gardsdrifta, kunne eigaren fortelja
Fiolen familiepark vart til for å styrka gardsdrifta, kunne eigaren fortelja
TV Vest på besøk
TV-Vest skulle laga ein liten sekvens om Talgje-turen, eller var det kanskje maten?
Reinsdyr
Reinsdyr hadde bonden sjølv vore og henta i Finnmark – heile tre gonger!
Lama på Talgje
Lamaen gjekk ute og beita under nokre tre – og var svært lite interesserte i oss.
Instrument
Dette fine instrumentet hadde dei funne i Danmark og sett opp på gardstunet.
Fiolen familiepark
Hyggeleg på tunet, trass i at det skya over og vart litt kaldt.
Kyrkja
Talgje kyrkje ligg berre 40 meter over havet. Ikkje det høgaste punktet på øya – det rager nemleg heile 52 moh!
Kyrkjevindauge
Lite var rørt i kyrkja på Talgje, men vindauga var gjort litt større for ei heil tid tilbake for å sleppa inn meire lys.
Alteret
Kyrkja vart oppført på 1100-talet, men altertavla var frå 1600-talet, viss me minnest rett.

Sandsfjordbrua er opna

Sandsfjordbrua

Fredag 28. november opna omsider Sandsfjordbrua. Brua knyter saman kommunen på ein ny måte, og skal erstatta Sands-ferja som sluttar å gå til nyttår.

Med denne brua vil det nå gå kjappare å kjøra frå feks Hjelmeland til Hebnes, og for den del frå Erfjord og Jelsa til Hebnes. Om ikkje ein får så mykje kortare veg å køyra, så vil me nå sleppa å venta på ferga som til dømes ikkje går heile døgeret.

Ein av hyttefolket i fjordhagen har allereie prøvd å køyra Ryfylkevegen frå Stavanger til Hebnes via brua, og der var dei godt fornøgde med tida dei spara inn.

Sandsfjordbrua har vore, og vil gjerne halda fram med å vera, ei kontroversiell bru i Suldal. Ikkje alle er like glade for at ho er kome. Me har aldri lagt skjul på at me har gleda oss og venta med lengt på at den dagen skulle komma då me vart landfaste med resten av kommunen. Me er glade for å ha fått korta ned reiseruta til deler av kommunen og til Ryfylke sørover, og ikkje minst til å ha fått eit kult og stilig byggverk blant oss. Sandsfjordbrua er den høgaste av sitt slag i verda!

Biletet i toppen er frå september, ein av dei siste dagane me hadde båten ute. Her er brua så godt som kopla saman. Bileta under her er frå opningsdagen 27. november, då representantar frå kommune, fylke og vegvesen varta opp med talar i pøsregn, medan grendeutvala serverte kakemenn og kaffi og korpset spelte det messingen bar.