Makrellfiske på Hebnes

Makrellfiske på Hebnes

Makrellen bit godt for tida. I går kveld var ein slik gong. Me sat ved sjøen og såg på utsikta då dette følgjet kom og byrja fiska. Og det nappa, og det nappa igjen! Tre store bøtter såg det ut til at det vart. Gjett kva dei skal ha til middag i dag :)

Blåskjell – deilig mat rett frå fjorden!

Blåskjell hentar me heime i brygga, eller me tar oss ein tur ut på fjorden og sig inntil land der me trur det er noko å finna. Me pleier å sjekka blåskjellvarselet før me hentar opp. Det skal nok svært mykje blåskjell til for å bli forgifta, meir enn me truleg greier å eta, men det er uansett ikkje kjekt å bli kvalm og uvel av maten heller.

I dag henta me ved det som her på garden kallast Thor Erik-steinen, og me hadde då ein bonde og ei tante i sving med haustinga, medan underteikna haldt fast i taren eller brukte åra til å styra oss på rett plass. Me skrubbar blåskjella reine nede ved sjøen. Då skrapar me av rur og graps som heng fast i skjellet, og så prøver me få av den vesle “hyssingstumpen” som heng ut av skjellet. Skjell som er opne brukar me ikkje, dei hiv me på sjøen att.

Blåskjell med øl

Blåskjella kan stå ei heil stund viss me ikkje skal bruka dei med ein gong. Me set dei på kjøla i ei bøtte, med litt vatn i, og der kan dei stå både ein og to dagar. Skjell som då flyt opp til overflata brukar me ikkje, dei er opne.

Det er mykje godt å laga av blåskjell. Du kan dampa dei på grillen og hiva litt blåmuggost oppi som får smelta på grillen. Me koker suppe på dei, eller lagar Moules frites som har blitt ein ny favoritt her i heimen. Såg det fristande ut? Oppskrifta på Moules frites finn du her.

 

Hausting av blåskjell
Han HAR redningsvest på. Og han har gjort dette før.
Halv bøtte med blåskjell er nok til fem.
Ei halv bøtte var nok til oss. Me var fem personar.

 

Blåskjell til vasking
Siste vask heime før dei går i gryta.
Moules frites
Moules frites er blåskjell kokt i øl servert med pommes frites. Godt!

 

Hummarfiske og annan fangst

Her på Hebnes er det rikeleg med mulegheiter for å fiska: På stang, med garn eller med ruser. Nå er hummarfisket i gang. Det starta 1. oktober, og det varar ut november. Då kan me setja inntil 10 ruser per husstand, og me kan ta opp og behalda dei som er over 25 cm (men ikkje huer med rogn). Hummaren er freda resten av året.

Har du hytte ved sjøen kan du fiska etter all slags fisk heile året. Her på Hebnes er det mykje sei og lyr å få, leikeeins kan det vera mykje makrell i sesongen, og du kan få torsk og sil. Laks tar dei helst inne i Suldalslågen, og då må du ha fiskekort. Fiskeglade folk med hytte ved sjøen her set og garn og får ein del krabbe på det. Somme ror også ut og grabbar med seg blåskjell om sommaren.

Det er i det heile tatt mykje godt å hala, både for den som likar å fiska og den som likar å tilberede og eta mykje god sjømat!