Grytenuten – super topptur – NÅ med kikkert!

Kikkerten på Grytenuten

Grytenuten er sjølve dronninga på Ropeidhalvøya. Frå 862 meter over havet kan du sjå til Melderskin, Folgefonna og like til Stavanger. Nå har me også fått kikkert der oppe – og dermed blir utsikta ennå meir spektakulær.

Turen til Grytenuten tar sirka seks timar att og fram, og den passar for både barn og vaksne. Det er nokre krevjande parti, men ein treng ikkje vera fjellklatrar for å komma seg opp. Du kjem langt med god tid og godt tolmod.

Hald fram med å lese «Grytenuten – super topptur – NÅ med kikkert!»

Flott fottur til Fjetlandsnuten

Fjetlandsnuten på Ropeidhalvøya ligg omlag 716 m.o.h.. Ikkje like høgt som Grytenuten, men likevel: ein fantastisk tur. Dei fleste kjører opp til Fjetland og parkerer der, og då er det ein god time å gå opp. Denne turen er ikkje teikna inn på turkartet for Ropeidhalvøya, men den har same utgangspunkt som tur 5 (Røssenuten rundt). Anbefalast på det varmaste. Turen er ca 5 km lang totalt.

Hald fram med å lese «Flott fottur til Fjetlandsnuten»

Grytevatnet – tur til gapahuken

I påsken gjekk me tur til gapahuken ved Grytevatnet. Ein kjempefin, kort og grei tur som alle kan vera med på.
Me parkerte ved Grytestemmen og gjekk vegen inn til Gryte til fots. Når du kjem til garden er det skilta kor vegen går vidare. Når du nærmar deg enden på Grytevatnet kjem du til gapahuken som 4H har sett opp. Der hadde nokon i følgjet vore før oss og fyrt opp bål og sett eggevatnet på kok.

Hald fram med å lese «Grytevatnet – tur til gapahuken»

Hytte i Suldal – når me bur i Suldal?

Hytte i Suldal

På Hebnes har me hyttenaboar som reiser frå Sauda etter jobb, kjem ut på hytta, sett seg til på verandaen for å nyta utsikta og roen, og så reiser tilbake på jobb att neste morgon. Herlig! Og det går an når du berre har 50 minutt å kjøra til hytta di.

Hytte i Suldal – kvifor det?

Når me spør, får me ofte same svara:

– Me vil ha hytte i nærleiken av aktivitetar, som skiløyper, turterreng, jaktterreng og båthavn.

– Me vil ha kort veg til hytta slik at me kan bruka den ofte.

– Me vil ha moglegheit til å vera på hytta også når ein av oss må på jobb.

I Suldal og i Sauda er det mange som har hytte i Suldal eller i nabokommunane. På Ropeidhalvøya, Foldøy og i Imsland finn du mange saudabuar med eigne eller leigde hytter. På Gullingen og i Suldalsheiene elles finn du mange hytter som blir brukt av suldøler som ikkje vil reisa i timevis for å komma seg til hytta si.

Nå nærmar det seg vinterferien. Har du planar om å tilbringa den i Suldal, anten du bur her og/eller har hytte her? Her kan du følgja med på vêret, her er kulturtilbodet og her er skiløypene.

Klar for vinteren

Hebnes desember 2015
Jul på Hebnes
Julestemning – med snø. Jula 2014

Fjerde juledag i fjor var det full vinter på Hebnes. Masse fin snø la seg rundt hus og hytter og gav oss den riktige julekortstemningen. Kjem det god snø, kan me faktisk gå på ski på bøane på garden. Det har me gjort mykje i den tida ungane var små, og dei har både gått runde på runde på langrennski og hoppa litt på slalåmski. Ein streng vinter var det også skøyteis på nokre dammar rundt på berga her, men det var ikkje just nokon god plass å gå på skøyter. Då må ein lenger inn på halvøya og gå på Grytevatnet eller i Vatlandsvåg.

Me er like vane med grøn jul som kvit jul, når sant skal seiast. Ein kjapp gjennomgang av siste års julefoto viser at me har hatt alt: regn, snø, hagl, barfrost, sol, fullmåne, stjerneklart …

Det fine med Suldal er at det er så store variasjonar her. Medan me kan fiska i isfri fjord på Hebnes heile vinteren, kan du reisa opp til Gullingen og gå på ski i flotte oppkjørte løyper samtidig. På Gullingen kan du renna både bortover og nedover for den del. I Suldal er me også så heldige at me har Gull-Spor, eller Løypekjøraren på Gullingen, som han også heiter. Bjørn Egil Nerheim kjører opp løyper så fort det er snø nok til det, og han legg ut fine føremeldingar og bilete på Facebooksida si. I år kjørte han løyper til langt utpå sommaren, men heldigvis er det ikkje slik kvart år. Det beste er at han held det gåande heile vinteren og sørger for at dei skiglade får nytta suldalsheiene fullt ut!

Hurra det snør!

Vinter i Vatlandsvåg

Det morsomme med Suldal kommune er dei store klimatiske variasjonane som skil ytterkant frå ytterkant. Inst i kommunen, i Øvre Suldal, kan det vera full vinter og tjukk snø på denne tida. Her ytst, på Ropeidhalvøya (og på Jelsa) kan me somme gonger skjæra roser og ta inn til jul. Men det er også store variasjonar innad på halvøya. Det snør oftare på Fjetland enn på Hebnes, for å seia det slik. Vasskiljet går som regel ved Tveita. Frå Tveita og ut til oss og vidare ut til Vormestrand og Helland ligg vegen og gardane mykje heilt til fjorden, og her kan det vera bart og vårleg mykje av vinterhalvåret.

Det er deilig å ha tidleg vår. Det er praktisk for bonden å kunne setja poteter i mars, og det blir nesten alltid tre slåttonner hjå oss. Men det er ikkje til å komma forbi at det er utruleg kjekt å køyra frå regnet på Hebnes og 8 minutt seinare køyra inn i full vinter i Vatlandsvåg. Slik som denne morgonen. 14. desember, dei fleste vil jo seia det er på tide med snø då. (Hjå oss kjem han som regel ikkje før i januar/februar.) Du og du så stilt og kvitt og fint det var på Kloppå denne dagen! Så lenge det varte.