På Hebnes har me hyttenaboar som reiser frå Sauda etter jobb, kjem ut på hytta, sett seg til på verandaen for å nyta utsikta og roen, og så reiser tilbake på jobb att neste morgon. Herlig! Og det går an når du berre har 50 minutt å kjøra til hytta di.
Hytte i Suldal – kvifor det?
Når me spør, får me ofte same svara:
– Me vil ha hytte i nærleiken av aktivitetar, som skiløyper, turterreng, jaktterreng og båthavn.
– Me vil ha kort veg til hytta slik at me kan bruka den ofte.
– Me vil ha moglegheit til å vera på hytta også når ein av oss må på jobb.
I Suldal og i Sauda er det mange som har hytte i Suldal eller i nabokommunane. På Ropeidhalvøya, Foldøy og i Imsland finn du mange saudabuar med eigne eller leigde hytter. På Gullingen og i Suldalsheiene elles finn du mange hytter som blir brukt av suldøler som ikkje vil reisa i timevis for å komma seg til hytta si.
Nå nærmar det seg vinterferien. Har du planar om å tilbringa den i Suldal, anten du bur her og/eller har hytte her? Her kan du følgja med på vêret, her er kulturtilbodet og her er skiløypene.