Nyttårsbading på Kloppå

Ein fast tradisjon på Ropeidhalvøya er nyttårsbadet på Kloppå, i regi av Ropeidhalvøya bygdekvinnelag. Dei som vil bade møtest klokka 12 på flytebrygga ved butikken, og så hiv dei seg uti – ein etter ein.

nyttarsbading-pa-kloppa
Friske, tøffe ungar som badar i fjorden!

Somme år har det vore både is og snø, somme år er det isfritt og plussgrader. Åkke som: det er ein svært kald fornøyelse for dei modige som faktisk badar! I dag var det 9 grader i lufta, uvisst kor mange i fjorden. Kaldt var det i alle fall. Og som alltid var det langt fleire som var møtt opp for å sjå på og fotografera enn det var som bada. Det er også ein tradisjon, og me får tru at dei omlag 10 som bada set pris på oppbakking, heia-rop og applaus. Omsut frå bygdekvinnene i form av varm suppe eller kakao vankar det også etterpå.

Det er ein god miks av barn og vaksne som badar, men ein kan nok trygt seia at barna er i fleirtal. Det er godt å sjå at den oppveksande generasjonen har pågangsmot!

Klar for vinteren

Hebnes desember 2015
Jul på Hebnes
Julestemning – med snø. Jula 2014

Fjerde juledag i fjor var det full vinter på Hebnes. Masse fin snø la seg rundt hus og hytter og gav oss den riktige julekortstemningen. Kjem det god snø, kan me faktisk gå på ski på bøane på garden. Det har me gjort mykje i den tida ungane var små, og dei har både gått runde på runde på langrennski og hoppa litt på slalåmski. Ein streng vinter var det også skøyteis på nokre dammar rundt på berga her, men det var ikkje just nokon god plass å gå på skøyter. Då må ein lenger inn på halvøya og gå på Grytevatnet eller i Vatlandsvåg.

Me er like vane med grøn jul som kvit jul, når sant skal seiast. Ein kjapp gjennomgang av siste års julefoto viser at me har hatt alt: regn, snø, hagl, barfrost, sol, fullmåne, stjerneklart …

Det fine med Suldal er at det er så store variasjonar her. Medan me kan fiska i isfri fjord på Hebnes heile vinteren, kan du reisa opp til Gullingen og gå på ski i flotte oppkjørte løyper samtidig. På Gullingen kan du renna både bortover og nedover for den del. I Suldal er me også så heldige at me har Gull-Spor, eller Løypekjøraren på Gullingen, som han også heiter. Bjørn Egil Nerheim kjører opp løyper så fort det er snø nok til det, og han legg ut fine føremeldingar og bilete på Facebooksida si. I år kjørte han løyper til langt utpå sommaren, men heldigvis er det ikkje slik kvart år. Det beste er at han held det gåande heile vinteren og sørger for at dei skiglade får nytta suldalsheiene fullt ut!

Hurra det snør!

Vinter i Vatlandsvåg

Det morsomme med Suldal kommune er dei store klimatiske variasjonane som skil ytterkant frå ytterkant. Inst i kommunen, i Øvre Suldal, kan det vera full vinter og tjukk snø på denne tida. Her ytst, på Ropeidhalvøya (og på Jelsa) kan me somme gonger skjæra roser og ta inn til jul. Men det er også store variasjonar innad på halvøya. Det snør oftare på Fjetland enn på Hebnes, for å seia det slik. Vasskiljet går som regel ved Tveita. Frå Tveita og ut til oss og vidare ut til Vormestrand og Helland ligg vegen og gardane mykje heilt til fjorden, og her kan det vera bart og vårleg mykje av vinterhalvåret.

Det er deilig å ha tidleg vår. Det er praktisk for bonden å kunne setja poteter i mars, og det blir nesten alltid tre slåttonner hjå oss. Men det er ikkje til å komma forbi at det er utruleg kjekt å køyra frå regnet på Hebnes og 8 minutt seinare køyra inn i full vinter i Vatlandsvåg. Slik som denne morgonen. 14. desember, dei fleste vil jo seia det er på tide med snø då. (Hjå oss kjem han som regel ikkje før i januar/februar.) Du og du så stilt og kvitt og fint det var på Kloppå denne dagen! Så lenge det varte.

Sein sommar i Ryfylke

Me har vore velsigna med ein fantastisk haust, etter ein heller begredelig sommar. Me har forsyne meg gått i kortbukse heilt fram til haustferien. 13 grader er god temperatur i oktober. Og så vart det altså slik at markjordbæra me nesten gjekk glipp av i sommar, fordi det var for vått og utriveleg å gå tur på vegen frå Hebnes, den fekk me eit nytt møte med nå i haustferien. Tenk det! Ikkje i så rikt mon som det pleier, men ei handfull og to vart det.

Markjordbær og markblomar, det er det rikeleg av her på Ropeidhalvøya. Ramsløk veks vilt somme stader. Kristtorn er det flust av på gardane rundt juletider. I sommar fann ei av dei som har hytte i fjordhagen mjødurt som ho laga saft av. Den smaka litt som hylleblomstsaft, berre ikkje så sterkt (heldigvis), og den skal visst gjera godt for mykje. Hylleblomst veks det og ein del av her, forresten.