Tur rundt nullen i Vatlandsvåg

I Vatlandsvåg kan du gå ein kjapp rundtur som tar deg forbi butikken, fjorden og Grytevatnet.

Vatlandsvåg
Startpunktet vårt. Butikken er nede til høgre.

Me starta turen i krysset der du kjører ned til butikken og gjekk mot Vatlandsvågen, opp i hyttefeltet, over til Vassbotn og hovudvegen tilbake.

Vatlandsvåg - fjorden
.
Sillalidvegen
Opp her, og så rundt svingen, litt opp og så tar du av til venstre.

Denne rundturen tar ein liten time og er ca 4 km lang. Det er muleg å gå med barnevogn her, men det kan vera litt ulendt her og der.

Mot Grytevatnet
Når du kjem ned mot hovudvegen skal du ta til venstre og følgja grytevatnet mot Vatlandsvåg att.

Dette er tur 4 på kartet. Den er ikkje merka, men det er veldig lett å finna fram.

ALLE TURANE PÅ KARTET FINN DU HER

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.