Grytenuten – super topptur – NÅ med kikkert!

Grytenuten er sjølve dronninga på Ropeidhalvøya. Frå 862 meter over havet kan du sjå til Melderskin, Folgefonna og like til Stavanger. Nå har me også fått kikkert der oppe – og dermed blir utsikta ennå meir spektakulær.

Turen til Grytenuten tar sirka seks timar att og fram, og den passar for både barn og vaksne. Det er nokre krevjande parti, men ein treng ikkje vera fjellklatrar for å komma seg opp. Du kjem langt med god tid og godt tolmod.

Skjermdump frå RunKeeper
Skjermdump frå RunKeeper. Klikk på kartet for større versjon.

På kartet er Grytenuten teikna inn som tur 1 og 2. Mange likar å kombinera desse, altså opp i Kjølvik og ned på Østabøneset (eller omvendt). Vil ein gjere det slik, må ein berre tenka ut eit opplegg for køyring tilbake til bilen.

Slik er turen til Grytenuten viss ein går opp i Kjølvik og ned på Østabøneset:

Bilde av Grytevatnet
Frå utsiktspunktet (ca 350 moh) ser du ut over det vakre Grytevatnet.

Ved grendehuset på Kjølvikstølen er det godt med plass til parkering, og det er skilta heile vegen opp herfrå.

Det er den første timen som er den tyngste, meiner me. Den går for det meste inne i skog, og det er litt klyving. Eit stykke oppi skogen finn du også klebersteinsbrotet på halvøya. Ta deg gjerne ein tur bort, det er skilta der du skal gå av stien.

Skiltet til utkikspunktet
Gå dit skiltet peiker (ikkje langt), så skal du få sjå kor fint det er her!

Elles er det berre å halda fram vidare oppover i skogen. Gulrota på denne turen er utsikta, og allereie etter ein time er du ute av skogen og kan ta ein avstikkar bort til utsiktsplassen (som også er skilta. Det er verkeleg å anbefala! Du ser utover Grytevatnet, du ser til Berakvam på Jelsa, og dette er ein perfekt plass å ta ein liten pause og litt å drikka.

Etter ca. 1 time og 45 minutt sat me ope ved det fine Krokavatnet og drakk kaffi. Her er det veldig fint å bade (har me høyrd:), eller du kan sitja og sjå utover og høyra på Gråfossbekken som sildrar og renn. Du er nå omlag 526 meter over havet. Vidare oppover er det også fleire fine vatn og tjørn å sjå.

Bilde av Krokavatnet på Ropeidhalvøya
Ved Krokavatnet er det perfekt å ta seg ein rast og sjå på utsikten både nedover og oppover. Du er nå omtrent halvvegs til nuten!

Det er merka heile vegen opp. Sjå etter den raude malinga på steinane, somme plassar er det lit avskala og du må sjå godt etter. Du ser ikkje varden på nuten før du nesten er oppe!

Sommaren 2017 fekk grendeutvalet på Ropeidhalvøya installert ein kikkert som næringslivet på halvøya har vore med og spleisa på. Utsikta på Grytenuten har alltid vore heilt fantastisk, og nå kan du altså sjå ennå lengre og ennå betre. Det er vel verdt turen! Hugs også å skriva deg inn i boka som ligg i kassen ved foten av varden.

(tre bilde, så kjem meir tekst)

Grytenuten med varde og kikkert
Grytenuten – med varde og kikkert
Mot Krossfjorden
Utsikta er suveren, både med og utan kikkert. Her mot Krossfjorden.
Kikkerten på Grytenuten
Kikkerten kan du dreie 360 grader rundt. Me meiner me såg Ullandhaugtårnet i disen i Stavanger.

Nedturen byrjar likt med oppturen, men etter kort tid treff du skilta som peiker deg i den retninga du ønskjer å gå ned att. Vil du ikkje ned til Kjølvikstølen, så held du fram andre vegen. Nå vil du gå forbi Simonsdalsvatnet, gjennom Simonsdalen, tett inntil Smalafjellet og gjennom den fantastiske Uradalen.

Bilde frå Simonsdalen
Gjennom Simonsdalen på veg mot Smalafjellet.

Ut av Uradalen vil du sjå fleire vatn på venstre hand, dette er Vikastølsvatnet, Selvatnet og Djupavassvatnet. Nå nærmar du deg dagens andre nut (!) – nemlig Melenuten. Som er ein tur i seg sjølv, og der du også får både fabelaktig utsikt og du kan skriva deg inn i turboka.

På veg til Melenuten
Snart nede på Melenuten!

Ned frå Melenuten kan det vera litt vondt å sjå kor du skal gå når du går inn i skogen. Men det heng nokre remser sperretape oppe i et tre: Der kan du gå! Derfrå er det sti eit heilt stykke, lett å følgje er den også, og så er du med eitt ute på ein skogsveg. Då har du ein god halvtime att før du er nede ved hovudvegen og parkeringsplassen.

Vel nede har du all grunn til å vera fornøgd med deg sjølv – du har nå tilbakelagt meir enn 13 km og forsert over 800 høgdemeter.

God tur!

Kart over turar på Ropeidhalvøya (kan hentast på butikken)

(Dette er ein oppdatert versjon av ein tidlegare post. Oppdatert: 7. august 2017.)

ALLE TURANE PÅ KARTET FINN DU HER

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.