Vårteikn – det livnar ved sjøen

Me førebur oss på vår. Kvifor er me så utålmodige? Fordi det snart er lemming, det er ein ting. Fordi me saknar regn og 10 grader?

Neppe. Men definisjonen på ein sørvestlending er og blir ein som er meir enn gjennomsnittet oppteken av vêret, som truleg har meir kontroll på vårjamndøgn enn bryllupsdagen sin, og som bruker meir tid på Yr enn på browsersafe porno. Og – som lett kan la seg lokka til ein langvarig prinsippdiskusjon kring vêrtenesta Pent og tidlegare nemnte Yr.

Så der har du oss.

Godt innearbeid

Men nett denne veka har det vore grising på garden, og da er det eigentleg like greitt at det ikkje blir vinne-vêr ute. Det har vore ei grei grising, med 14-15 ungar i snitt, og ingen spesielle utfordringar. Ei purke fekk berre daude ungar, og det er fryktelig kjipt. Heldigvis vart ho ei svært villig amme og reservemor for damene i nabobåsane, og nå ligg ho og matar velvillig på ungar frå fleire kull. Det er velsigna greitt med griser i forhold til sauer, som sjeldan og aldri vil ta ansvar for andre ungar enn sine eigne.

Brygga
Landgangen til flytebrygga er komen på plass etter å ha ligge i vinterlandlov.

Så blei det palmehelg og bortebuarane kom heim på ferie. Best å passa på å halda dei i arbeid mens han kan, tenkte bonden, og heldigvis for han så likar dei seg betre med utearbeid enn dette skrekk-og-gru-arbeidet som familien kollektivt skyr meir enn den berømmelige pesten: h u s a r b e i d …

Huttetu.

Godt utearbeid

Og heldigvis for oss: Dei to som sette og drog garn i helga fekk nå eit par etterlengta krabber, samt to flyndrer. Laurdag var det dessutan nydeleg jobbe-ute-vêr – så då var det tid og stad for å legga ut landgangen som kopler saman den faste brygga og flytebrygga att. I tillegg byrja dei to elektrikarane i heimen på å legge straumkabel til flytebrygga for å få straumuttak og lys på denne.

Søndag kveld, i inngangen til påsken, var det fem purker igjen som skulle grisa. Av 36, så det var me godt fornøgde med.

Tilbake til dette vêret. Måndag og onsdag var det høvesvis slik utanfor kontorvindauget:

MÅNDAG 19. MARS 2018:

ONSDAG 21. MARS 2018:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.